mandag 21. februar 2011
To ting kan redda verda (Til Astrid)
To ting kan redda verda,
To ting kan gjera ho varmare,
mjukare og meir avslappa:
Dagane først i august
og damer på femti.
Begge kan by på ro
og klokskap,
noko verda treng
meir enn det meste.
Om bølgjene framleis
skal slå mot strendene
og strandnellikane
bøya seg mjukt i nordavinden,
Om sola skal gå opp og ned,
om kvardagane skal gå rundt,
treng me mogning, styrke, og tålmod.
Med desse to er det langt i frå
for seint,
bare roleg på tide
Framleis kan alt skje
om desse to
får gjera verda frodigare
og mildare.
Kan henda til og med
gjera ho
støare, staare,
sterkare og meir sjølvsikker,
Med sine erfaringar
om at det meste går
bare ein har tru
og evna til å halda ut.
I august openbarar livet seg
meir fylt av frukt og tyngde
enn nokosinne.
Nå får det bare koma
alt som koma skal,
nå har me vent oss til livet,
og drukke oss mette på yr sommar.
Me toler ein hausstorm,
me veit at våren ventar
spirande langs grøftekantane
i overkomelege porsjonar
når ein minst ventar det
om ein har opne auge.
For to ting står støe
som steingardar på Jæren
om livet flokar seg til
og vinden tek i i hardaste laget:
Dagane først i august,
og damer på femti.
Truleg spelar englane saksofonar,
eller i det minste tverrfløyter
Om dei då ikkje rett og slett
held seg til harpene sine,
når damer som du blir feira
ein mjuk og levande kveld i august.
Heidi
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar