mandag 21. februar 2011

Meir levande her på stranda



Meir levande
her på stranda
lørdag føremiddag
med uroleg sjø
og frålandsvind.

På ei forblåst sandstripe
du og eg,
stranda hardpakka,
våt og fri for laussand.

Eit barnleg sandslott
forvitrar.
Frå den eine leia
piskande sand.
Frå den andre leia
sprutande saltvatn.

Bølgesurfarar duppande
som svarte selar
i havsstraumane.
Ein stor svart skarv
over bølgene.

Hundre kvite havhestar
galopperer vrinskande mot land,
løyser seg opp
og blir til skum og sjøvatn.

Himmelen set spotlys
der ute
her inne.

Mest usynlege spor
tett inntil einannan i sanden.

Brennmanetane frå i sommar
ligg som tørkande medaljongar
i lange rekkjer i sanden.

Me har vore her lenge nå.
Sand og hav har prega oss,
sett ørsmå linjer i ansikta våre.

Tankar som flyktande måkar
hjarte som bølgepuls.
Det er dagen for å leva.


Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar