mandag 21. februar 2011

Eit dikt om alle veskene



Det er på høg tid
med eit dikt
om alle veskene
eg har mista,
og ikkje minst
eit om alle dei
som har kome springande,
syklande eller kjørande,
på gummistøvlar eller tøfler
for å gi meg veskene tilbake.

For ikkje å snakka om
alle heltane
som har ringt meg
frå mobilar og fasttelefonar
for å fortelja
kor eg kan møta opp
for å få
lommebøkene mine tilbake.

Om alle gongene
eg nikkande og smilande
bekreftar kor heldig eg har vore
akkurat denne gongen
sidan eg verkeleg
utruleg nok,
trass alle odds
fekk lommeboka mi igjen
etter at ho hadde fått
ein ufrivillig pause
på kafebord, bussar,
i prøverom, i handlekorger
i hyller og i fryseboksar.

Nikka takknemleg
til alle dei
som er heilt uvitande om
at kvar einaste gong til nå,
har mobilen min og veska mi
fått kjærleg hjelp
til å finna vegen heim att.

Så eg nikkar og smiler,
deler takknemleg ut klemmar,
blomsterbuketter
og ein og annan twistpose
til glade finnarar.



Då er det verre
med alle paraplyane
som ligg
fortvila og forletne
på bussar og tog,
i butikkar, på kafear
og på benkar i alle parkane
og ikkje hugsar kor dei bur.

Det er bare å håpa
at dei akkurat nå
dansar i regnet
med ein glad finnar
som meir enn noko trong
ein rosa paraply med kvite prikkar.

På same måten
får eg bevara håpet
om at alle dei mjuke
strikkehanskane mine
har fått kjærlege fingrar
å smyga seg omkring.

Om at dei halvstrikka strikketøya
som ikkje blei med heim att
har blitt fullende kunstverk ,
eg sjølv bare kunne ha drøymt om å få til
med min motorikk.

Måtte alle
mine tapte blomsterfrø
bløma stolte i ukjende grøfter.


Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar