onsdag 23. februar 2011

Snøklokkesjel



Ho har ei snøklokkesjel
lett skjelvande,
lett frysande,
samanliknar seg
og kjem til kort,
veit ikkje sjølv
kor sterk ho er,
ho som ber blomar i snø.

Heidi

Foto: Isfugl frå Creative common

1 kommentar:

  1. Vidunderleg vakkert, Heidi! Og av og til skjer det, dikt avlar dikt:

    Eg, snøklokkesjel?

    Kan hende har óg eg
    Snøklokkesjel
    Ser det berre ikkje
    Veit ikkje om det
    Skjelvande av kulde og dirrande av angst
    Samanliknar meg med denne og hin
    og kjem i køen, langt bak

    Veit kor svak eg er
    men anar ikkje kvar styrken min kjem frå
    Når det stormar som verst rundt meg
    Då står eg der, i tunet
    Rett nok med bøygd rygg,
    men med begge beina godt planta i bakken
    Som ein påle, vindskeiv, men oppreist
    Med blikket mot dei kvite fjella i det fjerne

    Ho, som hutrande ber blomar i snø
    stikk klokkene sine varsamt inn vindauget
    og let meg ana
    at det finst under over under
    like utanfor stovedøra mi

    Om eg berre kunne opna
    auge og sinn
    og få sjå inn
    i blømande kinn

    Til deg, du kvite
    grøne, herlege li
    med all di prakt,
    eg gjev som han, mitt kvad

    Stein Emmanuel van der Jarfeld 03032011

    SvarSlett