mandag 21. februar 2011

Nokre dagar har folk hengeøyre




Nokre dagar
har folk hengeøyre og hundenasar.

Dei kan til og med
ha sildenasar og grisetryne,
og store tåpelege smil
der dei kjem i gata,
og nettopp har kjøpt seg ei avis
eller blomar til kjærastane sine.

Husa i gata er rosa,
heilt til dei skiftar til grønt
på neste side
der Donald Duck kjem springande
med den forferdelege naboen hakk i hæl.

Ole Dole og Doffen er ferdige
med hakkespettmøta sine for sommaren.
Dei smugrøyker i ei portrom
medan dei tel pengane på sparegrisen sin.

Dolly vrikkar forbi med nye høghæla sko
og ein ring på fingeren
som gjer at ho ikkje ser kor ho trør.

Heldigvis for henne
snublar ho
rett inn i armane
til heldige Anton,
som nettopp har møtt ein millionær
med griseøyrer og frakk med pelskrage,
som bare fekk lyst til å gje han to millionar.

Nå kan Dolly få diamantring
på den andre handa og.
Ho kan gløyma
dei kvardagslege tankane
om at ho kanskje snart
burde søkja seg jobb ein plass.

Klodrik snoflar rundt
i nærleiken ein stad
med den fjollete rosa topplua si,
og får Mikke Mus,
på veg til eit viktig møte
med Politimeister Fix,
til å kikka distre opp
frå notatblokka si.

Høgt oppe
over taka på høghusa
svingar Magica seg
med ein sveitt tiøring i handa

Langt der nede
ser ho Langbein
spasera med sin gamle ven Klaus
som alltid litt nedtrykt
med den store trekragen
rundt halsen sin.

Langbein skal på eksamensfest
til Ferdinand.
Han har vurdert
å stiva seg opp
på eit par supernøter ,
men har klart å stå i mot innfallet.

Det ville vera flautt
for Ferdinand
om han stod der
i dei gamle ullunderkleda sine,
så ein får strama seg opp
som best ein kan.

Bestemor Duck
køyrer forbi i traktoren
med lange svarte gummistøvlar .

Ho har møkkagreipet klar,
og ei høne i gryta,
fire eplepaiar med vaniljefyll
står klare i varmluftsomnen.

Det er framleis håp for verda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar