mandag 21. februar 2011

Som to sommarfuglar





Som to sommarfuglar
er dei
framleis
nær meg
på lånt tid.

Eg veit
at tida snart er komen,
men framleis
fyllar dei kveldane mine
med heimebakt brød
og merkelege historier.

Dei ler hol i dagane mine,
og seier at dei er glade
for å ha meg,
sjølv om eg altså
i fylgje dei
helst vil sjå ut
som ein rømling
frå ei billedbok.
og ikkje er heilt
som normale mødrer,
langt derifrå faktisk,
men byta meg vekk
vil dei likevel ikkje.

Dei sørgjer for
at vaskemaskinen går og går
og aldri kjem til døra.
Dei fyller huset
med store stablar klede,
tusenvis av vesker,
og tome og fulle shampoflasker.

Dei som for slett ikkje lenge sidan,
sånn omtrent i går, faktisk,
la babyhovuda sine
tungt mot halssgropa mi
og lukta av mjølk og honning.

Dei som fekk på seg sko
for aller første gongen
og prøvegjekk alle golv
med bittesmå fingrar om mine.

Den eine
som haldt seg nær til mor,
den andre
som stakk av
så fort ho hadde sjansen,
ålte seg fram
mellom føtene
til framande
for å få frydefulle
glimt av fridom
og bli innhenta gong på gong

Ein smal liten alv av ein unge,
ei storesyster to steg bak,
med snøkvitt hår
og blikk av stål
kvar gong det trengdes.

Storesyster
og beskyttande makt
med tommelen trygt
plassert
ettertenksomt
mellom tennene
medan ho dirigerte den minste
så godt det kunne la seg gjera.

Nå er dei store og lange,
skiftar hårfargar dagleg,
og fyller sofaen
med kjærastar.
Dei gir
varmande klemmar
når det trengst
og hentar kjærleik
kvar einaste dag

Framleis er det
ein velsignande paraply
av nåde
å ha dei hos meg,
drikka kaffi på kjøkkenet
og diskutera livet
medan det mørknar ute.

Eg takkar
for timane
for sekunda
som framleis er her.

Eg ser at dei blir vaksne
Dei siste ledda til nå
i rekkja
av kvinner
eg er i slekt med.

Eg undrar på
kva dei får å leva.

Måtte dei
vera i stand til å bera,
og i stand til å bli borne

Måtte vengene deira vera sterke nok.


Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar