mandag 21. februar 2011

Her kjem alle me



Her kjem alle me
som ikkje held mål.
Me som er for lange
for korte,
for tjukke,
for magre.

Me som ikkje eingong
skjønar kor
me burde ha putta silikonen
eller kva
me burde ha sugd vekk,
flytta på, fjerna eller bygd ut.

Me som bommar
på moten i år og,
og som veit for lite
om gjeldande
fargekombinasjonar
denne våren og vinteren.

Me som insisterer på
å velja eigen skjørtelengde,
osom balanserer
på hustaka i matpausen
medan me bles store tyggisbobler
og trampar takten
til ein melodi
me ikkje hugsar heilt.
Orda som sikkert høyrer til
har me ikkje peiling på.

Me som ikkje
sit stille på stolane våre,
me som ler
når det på ingen måte passar seg.

Me som spelar munnspel på bussen
eller bannar i kyrkja,
og som kanskje
snakkar best med Gud
når me får senda han morsesignal
frå vår eigen sofa

La oss laga plass i buketten,
vegar i vellinga
og gangstier i saltet.

Og måtte me
trass alle
våre utilbørlege feil
hugsa at den er størst
som tener andre,
og den stiller svakast
som trampar andre ned.


Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar