fredag 29. april 2011

Ein mann med kvit skjorte på overkroppen


Ein mann med kvit skjorte
på overkroppen
når han tok skjorta av
var ein kontorist,
for det sa far.

Ein mann med brun overkropp
under den kvite sundagsskjorta
var bonde
eller noko anna nyttig.

På den tida var det ulvar i skogen
i alle fall for dei med god tru.

Eg gjekk ofte ut i livet
med nistekorg med saftflaske
og kneippbrødskiver med smør
med friskt mot
og noko som skulle likna på ei raud hette.

Heidi

For den som kikkar framover


Sommaren er stor og open
for den som kikkar
framover
og trur seg å ha papira
på å ta i mot han
frå ende til annan
med eller utan
kvite hanskar på hendene.

Han ligg der
og er
sommaren
då alt kan henda deg.

Eit stort kvitt ark
ventar på fargar,
på bølgjer
på bier
på blåklokker
og smaken av salt
på tunga
og heilt opp i nasen.

Kvite laken
er segl på klessnora
og du har tenkt
å bare ta i mot
som eit ganske lite barn
med utstrekte armar
og ein frydefull tone
langt inne i øyrene ein plass.

Heidi

Reknestykke




Det er så mykje
teljing i livet,
dagar og timar,
kalorier og karbohydrat,
pensjonspoeng og lønnstrinn,
pengar på kontoen,
stega dine,
reknebøker i bunka,
sylvskeier i skuffa
elevar på bussen
og klinkekuler i posen.

Eg som aldri
har fiksa teljekantar.

som alltid
forvirra lurer på
om eg har kryssa
rett rute,
står i feil kolonne,
og har rett klokke.

som vegrar meg
for kollektive
handsopprettingar
for og mot nye tariffavtalar.

Men du kan rekna med
at du kan rekna meg med.

Heidi

Dans med tida fortare enn føtene dine orkar


Tida må du passa på.
Kjem ho ikkje av seg sjølv,
må du dra ho
opp av jorda
som poteter og gulrøter.

Trekkja ho opp
i bestemte rykk
og gjera det
i tide,
eta av ho,
pakka deg inn i ho,
og setja ho i vase
på den kvite duken
på bordet ditt.

Om du
Ikkje passar på,
kan ho lett
virra frå deg,
lettsinna og sky
som ein sommarfugl.

På gode dagar
kan du halda ho fast,
krypa inn i ho
finna eit svaberg i juli
og legga deg pladask.

Dans med tida
oftare enn føtene dine orkar
ho er ikkje eit venterom.

Heidi

torsdag 31. mars 2011

Då eg framleis hadde små munnar


Då eg framleis
hadde små munnar
som drakk av meg

framleis
hadde dunete
trillrunde små hovud
som lukta honning
mot halsgropa mi

framleis
såg mjølkedropane
renna
over tannlause smil
og ferskenkinn

pakka inn
i mjuke
flanellsteppe
i blått og rosa

laga eg
dei første eventyra
om å verna dei
mot mistelteinar
og spinneteiner

eg la planar
for å verna Balder
for å bygga rosenhekkar
til vern mot vonde spådomar

nå øver eg meg
i å sleppa taket

medan hjarteslaga mine
framleis
er bøner alle saman
til Gud om vern
og visdom

til nornene
om gode skjebnar

til Timmy grashoppe
om å gå på sida av dei

men i mitt ytterste mot
vil eg dei skal ta med seg liva sine
og leva dei sterkt og sårbart

Heidi

Tørste


For tørsten vår
kan ingen ta i frå oss

me står her
me tørstande

med hjelpelause
sugerøyr
i hendene
og dinglande frå leppene

utan heilt å forstå
kva me skal
bruka dei til.

Heidi

Gå forbi


I frostkalde netter
hender det meg
at eg høyrer
skritt

kjenner i gru
ei kald hand
overbrystet

dødsengelen
med eld i blikket
og eit staup i handa

dersom det er mogleg,
gå forbi

ta med
den beiske drykken

min tørst
står til livet

gå frå meg
og skund deg
ikkje tilbake

eg trur meg kalla
til å leva

Heidi

onsdag 30. mars 2011

Sommarnatt


Når alle søv
tek timane på
ballettkjolane sine

Dei svingar seg
over
tretoppane
dei skjelvande blåklokkene
og maurane
som søv i tuene sine

Kikkar lattermilde ned
på parkerte damesyklar
Med bjørkeblad og ispapir
I sykkelkorgene

Trippar på tå
på øvste trinnet
av nedslitne tretrapper
Der tresko og barnesandalar
står roleg og ventar
på morgon.

Tek rolege
piruettar
på klessnorene
til musikken
av tunge nattedufter
av sjasmin og liljer

Før dei pustar
djupt inn
og førebur seg
til vekkarklokker
og tannpuss.

Heidi

fredag 25. mars 2011

Sjå i nåde til oss


Me sit her
på kvar våre tuer

sorterer glas
metall, papir
og plast

strever
med draumen
om finare bil
nyare stove
høgare sko

byggjer oss
kapell
av draumar
lotusblomar
og brennande
lys

går turar
i kjøpesenter
fulle av perler
og krav
fulle av lange korridorar

sjå i nåde til oss
me famnar livet
etter beste evne

og det er då
noko rørande
ved oss.

Heidi

Tida for å ta i mot


Det er tida for små og store steg
tida for å senda tankar
som boomerangar
over trekronene

for å venta for å sjå
om dei kjem tilbake.

Tida for mjuk skogsbotn,
barnåler under føtene
kryptiske kongleformasjonar
i alt det brune.

Tida for å ta i mot.

Heidi

Me skulle heller klappa katten


Ein malande katt
dovent på tastaturet
der du har tenkt å forma ord

kjærteiknar handa di
med ein pote utan klør.

Me skulle vera stille
av og til
stille som soloppgangar
tause som dogg i graset.

Me skulle ta pause
frå radioen
som snakkar og snakkar
frå alle tankane
som spring i frå oss.

Me skulle heller
klappa katten
av og til
og la det andre venta.

Heidi

torsdag 24. mars 2011

Ein blir nok frykteleg sliten


Det hender livet
spring fortare
enn du orkar.


Slik svingane
tok deg
i baksetet
på den gamle folkevogna


då du var lita
og til slutt
måtte ut for å spy


eller i beste fall
klarte å s
kvalmen
i små beiske munnfullar
til du var framme.

For blir me ikkje svimle
av dansen
på slakk line
med alt me har
i hendene?

Me strever
med balansen
rett som det er
utan å våga
å sjå ned.

Men tankane
finst
vibrerande
redde
om alt
som kunne ramma oss.

Tsunamiar av frykt.
Tikkande atomkraftverk.
Alle som vil knebla
ord og tanke.

For framleis
er me små
og dei store
held rattet
med det me
i beste fall
helst vil tru
er støe hender.

Kanskje skulle me
ha dekka bord
for dei store
i begge stovene
i eit gammalt hus ved havgapet.
ein lys og varm sommarkveld?


Prestekragar
i blå skåler på bordet
eplekake
og rabarbrasaft
i store karaflar
skulle dei fått

og blomsterkransar
til å setja rundt
skallane sine.


Og så skulle dei
i ein time eller to
få vera små
desse store,
ein stad
der dei ikkje kan skada
andre enn einannan
ei heil lang sommarnatt.

Og nokon skulle spela
mjukt for dei
på munnspill eller fløyter.


ein blir nok frykteleg sliten
av å vera president
eller diktator.

Heidi

Våren, ein galopperande blakk hest


Der mellom notene
sette av fugleføter
i fuktig sand

ser eg våren
koma
mot meg
i rasande fart.

ein blakk hest
galopperande
i sanden
med strittande man
med flaksande hale og lugg

sanden
fykande villt
mellom hovane.

Skumhestane
frå havet
kjem han kneggjande
til møtes.

Set eg meg ned nå
på den iskalde steinen
kan eg fort bli gammal
eller sjuk.

så eg spring
på røde gummistøvlar

eg som alltid har vore
redd for hestar

spring med håpet
som ein glorie
om hovudet

spring utan tanke.

Klar
for å hoppa
på hesten
i fart.

Heidi.
2 sekund sidan · Lik dette

Ikkje bare eit vipeskrik


Våren er
ikkje
bare
eit vipeskrik.

Han er framleis
frosen jord
er framleis snø
når du minst ventar det
og store svarte
kråkeflokkar.

Du står der
med skjerf rundt halsen
og ser
over halmgule marker
dit bølgjene bur.

Kjenner att
den fuktige angen
av rå jord.

Kjenner
noko smelta
og bli mjukt
langt inne
bak ribbeina ein stad.

Plutseleg fryktar du
dette unevnelege;
Å koma for seint
til ditt eige liv.

Heidi

onsdag 23. mars 2011

Stilla etterpå



Lufta er Guds pust.
Ho er fullkomen ro.

Stilla smakar kjøleg
av gras og mold.

Det er englar her
eg ser dei
mellom greinene.

Epla smakar
knasande
syrleg
mellom tennene mine.

Himmelen
er
ei sommarblå halvkule
spent over meg

eg
som ligg i graset
og finst til.

Så får dei
koma og gå
dei
som gå og koma skal.

Blåklokkene ringer
for den
som har øyre
å høyra med.

Og visst
kan det
hentast inn
ein og annan
fiolin.

Me er framleis
i rosespiraen si tid

Stjerner
i ørsmå
fallskjermar
svever
som
såpebobler
i lysrefleksjonane.

Gud er
i stilla
etterpå

Heidi

Å kunna sjå


Det er fint
å kunna sjå.

Kanskje det
kunne vera eit kall,
å sjå?

Stå der og møta blikk.

Kallet til
nybakt grovbrød
og varm kaffi

til dei som tar i mot?

Kristi lekam
og Kristi blod
i omskriven variant.

Dette eine viktige
å vera utstrekte armar

Plommesyltetøyet frå i fjor
skulle kunna duga.

Om Gud i sin nåde
kunne gi meg kloke auge
slike som kan skilja
det viktige
frå alt dette andre.

Om eg stengjer
hjartet mitt,
kva skulle eg då
halda ope?

I mine hender
ber eg tida inn,
ber eg tida vekk.

Måtte dagane
koma og koma
og eg våga å bu i dei
med heile meg.

I alt det vidunderleg
uperfekte

skal eg halda ope
det som ope vera skal,
brødskuffa,
hjartet
og kaffiboksen.

Heidi

Du skal vera



Med varsemd
skal me sjå oss tilbake
mot alt som ein gong var.

Me vil ikkje risikera
å enda opp
som Lot si hustru.

Heller levande
menneske
enn saltstøtter.

Me skal vidare,
vera levande.

Kjenna livet er nå,
ikkje i går,
ikkje for to veker sidan
eller på syttitalet.

Det er nå me står her
kledde
i vår eigen
velkjende
gamle kropp
med livet og sekunda
strøymande gjennom oss.

Nå me dreg luft
inn i lungene
og lever.

Det er du som
finna
ei skjoreveng
eller ein utgått skosole,

og så skal du
le av deg sjølv
og la regnet falla
og vinden blåsa.

Du skal jå deg tilbake,
men ikkje for lenge.

Du skal heller
klappa katten
og smila

medan du
tek føtene dine i å dansa
nedover gater
du ikkje visste om.

Du er tankar og blod,
songar og pust.

Du skal vidare,
og du skal vera.

Heidi

Dørene


Eit ord
er eit ord er eit ord,
tenkte eg
og fingrane hoppa

som små ekorn

på tastaturet.

Det er lyder i huset.
Det er tida
for rutete pledd,
tida for
å festa livet til lerretet.

Skal ein fanga liv
treng ein masse
hjelpelinjer .
Det hender
til og med
at ein treng
diagonalar
i hjelperutene.

Det er ikkje fargar nok
på paletten
eller bokstavar nok i
alfabetet

Alt har ein ende
snart kanskje
om ikkje nå,
skal dører
som lukka seg
ei for ei,
døra til farmor sitt kjøkken,
og andre dører.
for om lenge,
om ikkje før
skal alt tast i frå oss.

Men framleis
står eg her
og skapar
dagane mine
møblerer dei
som roma i eit dokkehus.

Eg ser livet
vegen gjennom
rundt og til
ein større omsorg.

Heidi

Framleis


Framleis
kan eg sitja her
ved farmor sitt kjøkkenbord
medan ho trippar
til og frå
med vaffelfat
og saftmuggar,
framleis hoppar eg inn
i baksetet på bilen
til faren min
som framleis ordnar opp
når eg er lita jente
og ikkje ser syn på vågestykke
som bilkjøriing på glatta.

Akkurat nå
er me her
alle saman
med kvar vår tur
til å vera på scenen
og kvar vår tur
til å gå ut.

Entré og sorti,
dei brennande minutta
med heftig samspel,
brennande dialogar,
monoton musikk
og ein og annan
einsam monolog

Glimtvis kjem tida
for å fly,
men eigentleg
så trivest eg best
med beina på bakken.

Men ei og anna fergereis,
ja visst,
ikkje har eg
fram til nå
snubla på landgangen
eller falle i sjøen.

Heidi

Havet syng den store songen



Januarhavet
på storscenen

flaskegrøn kjole
med skumkvite kantar.

partituret skrive
på stranda
i notelinjer
frå vognhjul

notar frå tunge hesteføter
frå store og små menneske
hundepotar
og fjørlette fugleklør.

ei og anna
punktering
ein blå plastdunk
kasta inn
på kommando
frå storhavet.

stor-tare
mellom linjene

ein patetisk stormåke
på overstemmen

melankolske tonar
til grunnpulsen frå hjarteslaga

salen røyklagd
av tåkeflak

stega mine
rytmen

tvilen i den store songen

til alt
fell på plass.

Heidi

Januar




Æva ligg i havkanten
og syng
om livet
for dei som måtte
ha øyrer å høyra med.

Ein og annan
vandringsmann
på joggesko
og i regnklede

går der
og kjenner
på svara
utan heilt
å kunna tolka.

Ein mops
i regnfrakk
spring lukkeleg
etter pinnane sine
og alt er for øvrig
såre vel.

Høghuset
På Bryne
strekkjer halsen
mot skyene
men i skodda
ser ein ikkje langt.

Menneska
subbar seg fram
over glaserte fortau
og klamrar seg
med kalde fingrar
til husvegger og gjerder.

Om det framleis
fantes telefonstolpar
og stolpesko
kunne ein like godt
teke den vegen.

Med prikkete paraply
kanskje?
og strutteskjørt i tyll.

I Garborgstova
på biblioteket
serverer dei
fransk og varm
sjampinjongsuppe.

Medan
mørket pakkar seg
stilt og januaraktig
om oss
lenge før det blir kvelden.

Heidi

Den magiske melodien




Eg sit her
ser åra
gå og koma
som minutta
i ein dokkefilm.

Medan me
innreier
rom for
rom
i dokkehusa våre
med kommoder
av fyrstikkøskjer
og bord
med trådsnelle
til fot

Som Pernille
Gjorde det på
60-talet
opnar me dørene
for Mr Nelson,
og hjartet
for eit og anna
Tonetroll.

Og visst er det lov
å vera lukkeleg.

Nokre gonger
er livet
vaniljepudding
med jordbær.

Alt er som før
bare at leiken
er det ekte
og einaste livet.

Me trekkjer pusten djupt
veit at Brogin
ein eller annan stad
der ute
framleis leitar
etter den magiske melodien.

Heidi




Når stormane vil ta meg

lener eg meg tungt

med panna mot din fred.


Søkjer eg ly,

kjem eg stille til deg

med livet mitt tyngjande

varmt mot handflatene.


Som ein fugl

vil eg byggja reir

der freden finst

midt i stormen

hos deg

som bur ved havsens ytterste grense

og vandrar saman med meg

i dødsskuggens dal.



Men ikkje vil eg gøyma meg

for livet

bare pusta roleg ut og inn

og kjenna at her

høyrer eg og heime


før eg spreier vengene att

og siglar ut

på eit hav av vind

og sterke straumar

Heidi

søndag 27. februar 2011

Velkomen vesle menneske.



Velkomen vesle menneske,

velkomen til jorda,

staden med vind og blomar,

ord og gongetabellar,

staden for mjuke kjærteikn,

song og tankar.



Måtte din tørst til livet

bli stor.



Måtte du bli boren

av kjærleik

og god vilje,

og måtte du sjølv

bli i stand til å bera.



Måtte dine lengsler bera frukt

og dine draumar vera lette,

måtte det ofte vera sommarhimmel

over tankane dine.



Måtte sorgene

ikkje bli tyngre

enn du har rygg til å bera,

og måtte du ikkje få

fleire motbakkar

enn dei som gjer deg sterkare.


Måtte du få auge

som ser det gode,

og mot nok til å løfta det opp.



Måtte livet gje deg sterke venger

og djupe røter,

og måtte du få den gåva

å kunne lena deg i glede

mot ein større omsorg.

Heidi

onsdag 23. februar 2011

Slikt som skjer




Eg vil sitja midt i hagen
på det store gamle brønnloket
omringa av blåklokker,
gamle vekeblad
og malingskatalogar

Slik sat eg
og var lita jente
i bestemor sin kjellar
ivarm og rå damp
frå den store gryta
der dei kokte kvite klede.

Med ei butt lita saks
skal eg klippa livet mitt ut,
dødsannonsar og blomar,
nyvaska barnekjolar,
smilande mødre
som har brukt Milo,
og kontordamer
med colgateringar av sjølvtillit.

Så skal eg henga det heile
på ei ventande klessnor
med gråna klesklyper.

Det skal vera sommarkveld
når eg er ferdig.

Men sjølv på sommarkveldar
kan ein koma til å frysa litt
om ein står for lenge stille.

Og visst skal eg
stå stille,
bare stå der
til eg
kjenner rytmen min att.

Rytmen frå hjarte og puls.

Så kan dei andre
bare koma
med sine eigne rytmer
i opne handflater.

Med forbausa og strålande auge
skal me lytta til musikken
sjølv om me frys litt.

Det skulle ikkje forundra meg,
om Gud legg på ein overstemme
sånn utpå natta.

Det er slikt som skjer.

Heidi

Shalom



Med fred
vil eg møta deg, syster.
Eg rekkjer deg
min tillit, bror.
Trass i
havsens bølgjer
og ville vindar,
og dette at ikkje alt
let seg gripa tak i
trass i
at det finst knutar
eg ikkje klarer å løysa opp.
Om det
somme gonger
er meiningslaust vanskeleg
å finna einanna
vil eg likevel
opna hendene mine
og løfta dei til ei fredshelsing.
Måtte Guds fred
som overgår all forstand
vera hos deg
kring deg
og i deg
alltid.

Heidi

Heilagt vere livet



Så lenge det heiter i dag,
skal me samla på liv,
på grå torsdagar,
kvite sundagar,
på lange og korte fredagar.

Jordbær og rabarbra
under sommarhimmelen
og fiskebollar i november.

Me skal dekka bord
for vandringsmenn og slektningar
og ikkje spara på syltetøyet.

Me skal kyssa barna våre
medan dei veks oss
desimetervis over hovudet,
slita oss opp motbakkane
og leggja oss pladask i graset
bare for å få sommarregn i ansiktet.

Ikkje eit einaste sekund
skal me gløyma at me lever.

Heilagt vere livet
gjennom kvardagar,
klesvask og kyrkjegang.

Heidi

Oveblikk



På lange snorer av liv
heng eg dagane mine,
den gule kjolen frå eg var elleve år,
den bleikrosa med heklekrage,
kriblinga i magen då eg var femten år,
og hjartebanken i trappehuset
i ei blokk i Kristiansand,
Kongepudlane i Oslo midt på åttitalet,
luktene av håret på mine nyfødde barn
tyngda av hovuda deira mot halsgropa mi.
Støyta av smerte kvar gong eg såra nokon
og englesongen kvar gong himmelen opna seg.
Varmen frå kjærasten min når eg frys om nettene,
kjensla magemusklane når eg har ledd høgt og lenge.
Ein og annan motbakke,
ein gul og losliten bamse fyld med sagmugg.
Gode vener midt i kaoset,
ein tiåring på fanget mitt,
tenåringar på badet
og alle jakkane eg plukka opp frå ganggolvet.

Her står eg og samlar meg eit liv
medan regndropar kjærteiknar hendene mine.

Heidi

Snøklokkesjel



Ho har ei snøklokkesjel
lett skjelvande,
lett frysande,
samanliknar seg
og kjem til kort,
veit ikkje sjølv
kor sterk ho er,
ho som ber blomar i snø.

Heidi

Foto: Isfugl frå Creative common

Det heilage, allminnelege systerskapet.



Midt i alt pulserande liv,
alltid venda tilbake
til det heilage
allminnelege systerskapet.
Kvila i gode blikk.
Kjenna trykk frå varme hender.

Det er me som har gått saman
på endelause stier
gjennom opna landskap.

Me som har strevd oss opp
lange motbakkar
og kvilt med blikket
mot bleikblå vårhimmel.

Det er me som har skrive i sand
og hogd i fjell,
som har hugsa og gløymt,
gråte og ledd.

Me som har sett smilerynker
leggja seg vennleg
kring auga til einannan.

Sett spor av livet
kransa seg fredeleg
kring munn og panne.

Me har sett ungar bli fødde,
og veksa seg store.
Sett deu første grå stripene
laga nye mønster i håret,
medan blomar opnar seg,
visnar,
og kjem tilbake.

Rike av liv
og klokare enn før
samlar me godleik,
frustrasjon og galgenhumor
i stablar
mellom englar og matoppskrifter
på det vakkert dekka bordet
mellom oss.

Me let orda stryka mildt
over skrammer og sigrar.

Heidi

Eg seier dei skal fly






Så er dei plutseleg blitt store
får barbermaskin og eyelinar,
miniskjørt og reknebøker
eg ikkje forstår.
Dei får eigne nøklar
og mobiltelefonar,
spelar sin eigen musikk,
og chattar med ukjende om nettene.
T-skjortene blir trongare
medan joggeskorne deira
veks til storleik 43.
Eg seier dei skal fly,
og held dei så hardt eg vågar,
medan eg kviskrar
magiske formlar
av tru og håp
og ber Jesus passa på dei
kvar gong eg tilfeldig
rører skuldrene deira.
Eg elskar så høgt
at det gjer vondt,
og frykter til grensene
av min fantasi.
Eg ropar
mot sunnavind og nordavind,
tryglar mot vest og mot aust
at ingenting vondt
må få røra dei,
og somnar når eg veit
at alle er i hus.

Heidi

Bundne til orda



Bundne til orda
saknar me
eit større språk
dei fangar opp
for lite,
orda,
er for tronge.
for vide,
for kantete
eller har
rett og slett
feil farge.
Ikkje kan dei
på langt nær
skildra
eit menneske,
visa fram livet
og slett ikkje
yta rettferd
mot vare
vibrerande
kjensler.
Kven kan finna
ord for eit under?

Blygt senker me
blikket,
leiter etter
eit større språk,
og opnar
forsiktig
hendene.

Heidi

Alle ting nye



Då skal me få dansa all vår tillit.
Trea skal klappa i hendene
og engene synga.
For heilagt er livet
heilagt og allminneleg.
Ein gong i mellom
skal det eksplodera
i rein, uforferda glede.
Då skal me svinga palmegreinene våre
reinksa strupene
og jubla.

Heidi

Siger



Eg ville blåsa i alle mine saksofonar
om eg hadde nokon
og kunne bruka dei.
Eg ville jubla
mot bølgjene og vinden
og ta til vengene
om eg bare visste korleis.
Eg ville jubla
mine sekund
og dansa mine timar
Eg skal
synga gledessongar
frå fjelltoppane
når sorga slår sprekker
og slepp gleda ut.

Heidi

Lyset



Lyset skin
i mørket.

Eg ropar
med det eg har att
av stemme:

La mørket ta i mot det.

Heidi

Før meg gjennom mørket



Før meg gjennom mørket,
hald trua mi fast
til eg kan skimta lys.
Av jord er me komne,
og jorda eig oss.
At lyset finst,
er me skapte til å tru,
og at kjærleiken
må vera sterkare
enn døden.
Stryk håp
mot fingertuppane våre,
gjev oss heilag grunn
under nakne, kalde føter,
så vår redde tanke kan bli tru.
La våre modige håp få veksa
til rungande lovsong.

Heidi

Påskeaftan



Dagen ulik alle andre dagar,
framleis er verda bunden,
framleis er døden død,
og jorda tok i mot han.

Molda under føtene våre,
framleis er ho frosen.
Verda angar jord.

Og alt står stille.

Heidi

Eg lente meg mot ei natt



Eg lente meg mot ei natt,
og såg mine murar falla.
Mine stillas vart til støv,
og mine liljer visna inn i stein.
Vernlaust open
stod eg att,
og såg mine draumar slettast.
Eg var ny
og uendeleg gammal,
eit kapell utan bøner
var eg blitt,
ei tom krukke.
Eg lente meg mot ei natt,
utan å kjenna at det var det eg gjorde.
Frysande stod eg der
og venta.

Heidi

Foto: Dyckman frå Creative common

Kyrie



Oftare enn mange skulle tru
høyrer eg hanen gala.
Halvkøyvd og forsiktig,
men høgt nok
til at eg kan høyra.
Gud vara mitt vaklande,
heilage mot.
Miskunne deg over meg
som mykje høyrer
og lite skjønar.

Heidi

Fanga i eit svik



Fanga i eit svik
som romar alle nederlag
gjer me oss til svikarar
om att og om att.
Langfredagshola i liva våre
er fulle av hanegal
og små usynlege jordskjelv.
Dei tome timane,
kula me ikkje klarer å gripa-
Me står mållause,
tomhende og handlingslamma,
medan me spelar sørgjemusikk
på fløytene våre.
Frå stortrommer og pauker
drønner slaga
store og tunge.
Me kjenner fattigdomen i å ana,
men vera ute av stand til handling.
Forstyrra av vår eigen puls,
ein trøytt tyngde i korsryggen
og føter som verkar i skorne,
står me tause
der me ville ha ropt.

Heidi

Rop frå mørket



Frå mørket
ropar eg
til deg,
min Gud:
Skap natta
i meg om
til dag.
Måtte
mine tårer
føda visdom,
og mine sår
gjera meg
sterk
så eg
med ny kraft
kan løfta
lovsongen
mot
din himmel.

Heidi

Maria



Du bar sjela som eit smykke om halsen,
huda di kunne ikkje gje deg vern
for du var vernlaus.
Namnet menneske
stod skrive på panna di,
bunden til denne verda
skapt av jord og eld
og kvasse kantar.
Bunden til jirda
av tårer og tyngdekraft.
Mor, meir enn nokon gong
til denne framande,
denne som din
du framleis elska
like høgt som den gongen
då han låg ved brystet ditt.
Omskapt av smerter
og dette du ikkje visste kva var
tok han i mot vondskapen
utan å verna seg,
Då du var nær ved å knusast
av smertene hans
mot din eigen kropp
anda han ut.
I eit iskaldt, meiningslaust sekund
må du ha kjend
at alt var over.

Før livet falda ut vengene
og alt vart heilt annleis.

Heidi

Langfredag



Kan ein tru på liljer
på langfredag?

Tru
når sorga tek strupetak
når tyngda
dreg ein hardt mot bakken?

Kan ein tru på eit under,
ikkje noko mindre,
at kjærleiken
skal eksplodera
at natt skal bli dag,
at død skal bli liv,
og at tempelforhenget skal revna?

Ikkje kjenna fasiten,
bare tynga av smertene
lena seg trassig mot livet.

Bare knuga ei lita kvit perle
av hardt, glattpolert håp,
fast i ei hardt lukka hand,

Og framleis tru på liljer.

Heidi

Foto: Saokhue 2007 frå Creative common.

Trassig lovsong




Midt i
langfredagsmørkret
i det kaldaste gufset
frå dødsskuggens dal
stig
ein trassig lovsong
som ei einsleg kvit due
på modige
ustøe venger
opp til deg.

Heidi

Ein større kjærleik



I vårt vaklande mot
skal me tru at sorga
kvilar i ein større kjærleik.
Som den kvite pasjonsblomen
ber med seg sorga sitt andlet
i sitt inste rom
og framleis lyser
i ei avspegling av ein større kjærleik.

Heidi

(foto: Jelgue frå creative common)