torsdag 24. mars 2011

Ein blir nok frykteleg sliten


Det hender livet
spring fortare
enn du orkar.


Slik svingane
tok deg
i baksetet
på den gamle folkevogna


då du var lita
og til slutt
måtte ut for å spy


eller i beste fall
klarte å s
kvalmen
i små beiske munnfullar
til du var framme.

For blir me ikkje svimle
av dansen
på slakk line
med alt me har
i hendene?

Me strever
med balansen
rett som det er
utan å våga
å sjå ned.

Men tankane
finst
vibrerande
redde
om alt
som kunne ramma oss.

Tsunamiar av frykt.
Tikkande atomkraftverk.
Alle som vil knebla
ord og tanke.

For framleis
er me små
og dei store
held rattet
med det me
i beste fall
helst vil tru
er støe hender.

Kanskje skulle me
ha dekka bord
for dei store
i begge stovene
i eit gammalt hus ved havgapet.
ein lys og varm sommarkveld?


Prestekragar
i blå skåler på bordet
eplekake
og rabarbrasaft
i store karaflar
skulle dei fått

og blomsterkransar
til å setja rundt
skallane sine.


Og så skulle dei
i ein time eller to
få vera små
desse store,
ein stad
der dei ikkje kan skada
andre enn einannan
ei heil lang sommarnatt.

Og nokon skulle spela
mjukt for dei
på munnspill eller fløyter.


ein blir nok frykteleg sliten
av å vera president
eller diktator.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar