fredag 29. april 2011

Ein mann med kvit skjorte på overkroppen


Ein mann med kvit skjorte
på overkroppen
når han tok skjorta av
var ein kontorist,
for det sa far.

Ein mann med brun overkropp
under den kvite sundagsskjorta
var bonde
eller noko anna nyttig.

På den tida var det ulvar i skogen
i alle fall for dei med god tru.

Eg gjekk ofte ut i livet
med nistekorg med saftflaske
og kneippbrødskiver med smør
med friskt mot
og noko som skulle likna på ei raud hette.

Heidi

For den som kikkar framover


Sommaren er stor og open
for den som kikkar
framover
og trur seg å ha papira
på å ta i mot han
frå ende til annan
med eller utan
kvite hanskar på hendene.

Han ligg der
og er
sommaren
då alt kan henda deg.

Eit stort kvitt ark
ventar på fargar,
på bølgjer
på bier
på blåklokker
og smaken av salt
på tunga
og heilt opp i nasen.

Kvite laken
er segl på klessnora
og du har tenkt
å bare ta i mot
som eit ganske lite barn
med utstrekte armar
og ein frydefull tone
langt inne i øyrene ein plass.

Heidi

Reknestykke




Det er så mykje
teljing i livet,
dagar og timar,
kalorier og karbohydrat,
pensjonspoeng og lønnstrinn,
pengar på kontoen,
stega dine,
reknebøker i bunka,
sylvskeier i skuffa
elevar på bussen
og klinkekuler i posen.

Eg som aldri
har fiksa teljekantar.

som alltid
forvirra lurer på
om eg har kryssa
rett rute,
står i feil kolonne,
og har rett klokke.

som vegrar meg
for kollektive
handsopprettingar
for og mot nye tariffavtalar.

Men du kan rekna med
at du kan rekna meg med.

Heidi

Dans med tida fortare enn føtene dine orkar


Tida må du passa på.
Kjem ho ikkje av seg sjølv,
må du dra ho
opp av jorda
som poteter og gulrøter.

Trekkja ho opp
i bestemte rykk
og gjera det
i tide,
eta av ho,
pakka deg inn i ho,
og setja ho i vase
på den kvite duken
på bordet ditt.

Om du
Ikkje passar på,
kan ho lett
virra frå deg,
lettsinna og sky
som ein sommarfugl.

På gode dagar
kan du halda ho fast,
krypa inn i ho
finna eit svaberg i juli
og legga deg pladask.

Dans med tida
oftare enn føtene dine orkar
ho er ikkje eit venterom.

Heidi

torsdag 31. mars 2011

Då eg framleis hadde små munnar


Då eg framleis
hadde små munnar
som drakk av meg

framleis
hadde dunete
trillrunde små hovud
som lukta honning
mot halsgropa mi

framleis
såg mjølkedropane
renna
over tannlause smil
og ferskenkinn

pakka inn
i mjuke
flanellsteppe
i blått og rosa

laga eg
dei første eventyra
om å verna dei
mot mistelteinar
og spinneteiner

eg la planar
for å verna Balder
for å bygga rosenhekkar
til vern mot vonde spådomar

nå øver eg meg
i å sleppa taket

medan hjarteslaga mine
framleis
er bøner alle saman
til Gud om vern
og visdom

til nornene
om gode skjebnar

til Timmy grashoppe
om å gå på sida av dei

men i mitt ytterste mot
vil eg dei skal ta med seg liva sine
og leva dei sterkt og sårbart

Heidi

Tørste


For tørsten vår
kan ingen ta i frå oss

me står her
me tørstande

med hjelpelause
sugerøyr
i hendene
og dinglande frå leppene

utan heilt å forstå
kva me skal
bruka dei til.

Heidi