mandag 21. februar 2011

Rødhette





Det er kjekt å balansera
på steingardar.
Dei største steinane ruggar
så fint
når eg trør på dei.

Det kitlar frå skorne mine
heilt opp i magen.

Dei er farlege,
seier bestemor.
Slike som meg
kan få dei over seg
om dei losnar og ramlar ned.

Bak steingarden
Ligg potetåkeren
med lilla og kvite blomar.

Med skarpe lukter
av potetkål og jord.
Fuglane
trekk makkar
opp av jorda
med kvikke
bestemte nebb.

Bestemor seier
at dei kan høyra
kor makkane kryp
under den svarte molda.

Sjølv har eg aldri klart
å høyra dei,
ikkje ein gong utan lue.

Bak endå ein steingard
er det ein skog
akkurat som i eventyrboka.

Eg har ikkje slik raud cape
men eg har ei bestemor,
kanskje ho kunne ha sydd meg ein.

Korg har eg.
med små handtak og blomar på.
Oppi der
kan eg samla konglar.

I eventyrboka mi
står det
at Rødhette har
vin i korga si.
Det liker ikkje bestemor.

Ho liker ikkje korta
med bilete
av slaktarfamiliar
og bryggarfamilien heller.

Dei som bit i rått kjøt
og drikk vin
frå store tønner
gjennom gummislangar
med auge
som mest dett ut av hovuda.

Me spelar det spelet
utan dei korta
for bestemor har gøymt dei
i ei hemmeleg skuffe.

I skogen min
er det ingen ulvar,
men heilt sikker
kan ein aldri vera.

Det hadde ikkje
vore farleg om dei kom
for bestemor
kunne ha sett dei
frå stoveglaset sitt.

Eg hadde nok ikkje
tort å snakka med dei,
eller kanskje likevel.

Eg snakka jo
med den store guten
den gongen
eg gjekk langs bilvegen
heilt aleine utan lov
og togg på ein tyggis
eg hadde plukka opp
frå vegkanten.

Det er bare dei store
som tygg tyggis,
Slike som meg
kan setja dei i halsen.

Viss eg vil at ingen
skal skjøna
kor liten eg eigentleg er,
finn eg meg bare ein tyggis.

Eg spyttar ut stein og grus
og tygg
heilt til han blir mjuk.


Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar