mandag 21. februar 2011

Saman



Som virrande små univers,
fulle av tankar,
lengsler og kjensler,
av livslyst, mot og motløyse,
fødest me
gjennom barndomen,
og virrar vidare.

Som song i våre gøymde konkyliar
ber me dei med oss
Menneske me har møtt
dei som har fått rom i våre hus .
Ber med oss minna
om telefonar me mest ikkje våga ta
og om hjerteklapp i framande trappeoppgangar
der me skulle ringa på ei dørklokke
Og me undra om me skulle treffa nokon
me hadde mot og tru nok
til å kalla vår for alltid .

Så vart det eg og du
som stod der saman då tida stansa opp,
for å opna seg mot noko større

Du og eg
Du lova å vera mann for meg
så lenge verda finst
og hjarta bankar.
Eg lova å vera kvinne for deg.
Så lenge Dovre står
og vindane skiftar
skal me halda saman.

Det underlege, umoglege
ulogiske og gode
i å skulle vera eitt.
Eitt om vibrerande hudlause sekund
og lange vakenetter
Eitt ved skittentøyskorga
og under fullmånen
Eitt attmed bord utan duk
to koppar kaffi
og gårsgammalt kneippbrød
og kvifor ligg alle avisene
og flyt?


Me skal leita
og finna einannan att.
Me skal snubla
og møta oss sjølv og den andre i døra.

Me har lova,
tenk me har lova,
og det er godt å vita,
at nokon har tenkt å halda eit løfte,
at eg har tenkt å halda eit løfte.
- Tenk at me torde

Eit løfte me kan le av
og fortvila over
eit løfte me kan lena oss mot
når me ikkje orkar prestera meir.
Eit løfte me i lyse netter kan undra oss over
at me verkeleg har gitt einannan,
tenk så heldige me var,
at det fall seg slik at det var eg og du det vart.


Rett og slett.
Verken meir eller mindre.
Og saman skal me leika leikane
og spela spela.
Saman skal me løfta børene
og oppleva når ein av oss ikkje orkar
at me klarar det likevel

Me skal sviva i kvar våre banar
møta menneske
dansa livet
la oss fascinera
og hugsa kor me høyrer heime


Me som saman har klipt barnenegler
og tørka oppkast om nettene,
sove andføttes og i vinklar
med senga full av ungar som søkte kroppsvarme.
Me som til saman har fått ein million våte kyss,
engsta oss saman og vore stolte saman.
Undra oss over
kor mange våte støvlar det er plass til på eit ganggolv
mellom alle jakkene og ranslane
og kor mykje tålmod
det skal til for å halda ein vanleg dag.


Og langt inn i æva
skal du få meg til å le,
og eg skal irritera meg over
kaffikoppane og epleskrottane du legg
frå deg
og tilgje deg etterpå.

Eg skal undrast
over ditt tålmod
og di evne til å leva med
alt det merkelege som er meg
Og stryka deg over håret når du er sliten.

Eg skal undra meg
over alle melodiane eg ikkje
trudde du kunne
og sørgja for
å overraska deg
når livet går i stå.

Saman skal me leva kvardagar
og galskap
Kven veit kva ein kan gjera
ut av ein vanleg torsdag i februar?
Og kven bryr seg om at det regnar?

I tvil og tru og yr livsglede,
skal me halda oss nær einannan.
Måtte Gud gje oss styrke
Så me med rak rygg
og varme i blikket
på den siste dagen
i takksemd og vemod
Kan gje einannan handa og takka for fylgjet



Heidi

2 kommentarer:

  1. Dette diktet er så fint og rører så djupt. Eg må lese det om og om igjen!!!

    SvarSlett
  2. Dette diktet er så fint og rører så djupt. Eg må lese det om og om igjen!!!

    SvarSlett