mandag 21. februar 2011

Alle desse store små menneska




Alle desse store,
små menneska
som finst

dei som ber ut søppel
og kjøper kattemat
som målar kjøkkenskapa sine
og slår graset kvar tysdag
og ein sjeldan gong
kjører moped
med hunden bakpå

alle desse små damene
med trillebaggar
og hemmelege rom i hjarta.

alle desse ungane
med datamaskinar på romet,
med mobiltelefonar og fotball
og lekser dei kanskje får gjort.

alle desse mennene
som syklar i fantomdrakter
og går sesilåmi kvar vinter.

alle desse sekstenåringane
med alt for tynne jakkar,

alle pensjonistane
som handlar Fjordland
og bringebærdrops.
som ser på kjærleiksfilmar
når dei ikkje får sova
og klipper rosene
før frosten kjem.

dei med uniformane
og gitarane
som syng om Jesus
i valsetakt på torget,

dei på gamle ullteppe
ute på fortauet

som samlar flasker
frå søppeldunkane

som slepp inn katten
før dei går og legg seg

alle me som leitar
etter kjærleiken
og finn han stykkevis,

me som står på som aldri gir opp,
som kjøper lodd
så sant det er pengar i lommeboka

for Jesu Kristi skuld,
ha tol med oss

finn oss
slik at me blømer til våren denne gongen og.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar