mandag 21. februar 2011

Nordavinden pustar is

Nordavinden pustar is

pustar i haustregnet.

Trea står overrumpla.

gir dei seg over,

heilt utan kamp

slepp blada sine

inn i ein oppjaga dødsdans

i lyset

frå fjernlysa på bilen.

Dei dansar

og resignerer

i mørke haugar

på svart regnvåt asfalt.

Stopp litt,

seier eg innsmigrande.

Det er endå ikkje på tide,

det har då ingen bråhast.

Truleg druknar stemmen

i vinden

og ingen høyrer.

Og kven er vel eg

til å gi slike råd?

Trea langs vegen

til knes i vatn.

Tapre mørke vaktmenn

frå ei større natt.

Eg veit jo at før eller sidan,

Ein torsdag kanskje,

kven veit,

kan henda tidlegare

enn eg hadde trudd,

vil eg roleg resignera

og ynskja hausten velkomen.

Eg låser meg inn i huset

til ungane sine sandalar

til rekkjer av tynne

velbrukte tøysko

i lange uryddige rekkjer.

På bare føter

opp trappa

så opnar eg vindauget

mot vinden og natta.

Eg kryp opp i senga

den sovande mannen min

strekkjer ut ei hand

og stryk meg over armen.

Hundre tusen bøtter vatn

tømde over huset

vaskar og skyler

syng meg urolege voggesongar.

Eg sovnar og drøymer

eg går omkring i mørket.

Går der og leitar

etter kofferten min.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar