mandag 21. februar 2011

Fin middag



Fin middag
på det nye kjøkkenet mitt,
sa eg til Jan Ivar.
Fire retter, sa han.

Då er det bare å dekka bord
med blomar og lys
og alt kva ein måtte finna.

Gås og and og fasan
og klart det skal flyta,
avanserte sausar
fløyte og raudvin,
kraft og avkokt krås
farserte bekkasinbryst
stua trøflar,
solgult moltesyltetøy
og heimeavla asparges.

Fylte pannekaker til dessert
krem og kjærleiksfrukt ,
og minst ein dash
fransk sjokoladesaus,
og for alt i verda svart kaffi
med heimelaga konfekt,
og sjølvsagt kvite linserviettar.

Han skal få ein hovudrett
som får sjela hans til å dirra
salig og høgt under taket.

Heilsteikt pattegris
med persilledampa nypoteter
det bruker dei ofte på slottet,
men me er vel helst slike folk
som ikkje vil at maten skal ha hode,
og slett ikkje tryne,
øyrer, føter og hale.

Dessutan rekk eg ikkje
å heilsteikja noko som helst
før han kjem om eit times tid.

Skilpaddesuppe skal og vera godt,
men her er smått med skilpadder.

Pannekaker høyrest ikkje så dumt ut
om eg bare hadde hatt nok mjølk.

I verste fall er fyren
ein hund etter nugatti
og alle typar grandiosa.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar