mandag 21. februar 2011

Ikkje heilt endå



Eg såg meg i spegelen
og såg eg var gammal.
Eg vakna og oppdaga
det bare var ein draum.

Ikkje heilt endå,
ikkje i dag,
sa spegelen.

Eg kikka
nærare etter
og såg.

Åra
på mystisk vis
har dei
sprunge frå meg.

Eg må
vel ha vore her
den dagen det skjedde?

Eg som har levd og levd.

Eg som har hanka inn
dansande dagar,
strevsame dagar
fire barn
hundrevis av elevar.

Eg har sett
gjester koma og gå,
sett godtfolk
passera langs vegen.
Har hatt malande kattar
strykande mot leggene
og meir enn ein gong
plukka roser

Eg har klamra meg fast
med tenner og negler,
hengt bakpå tida
klort meg fast
etter beste evne.

Visst var eg der då toget gjekk,
det gjekk bare så fort.


Eg hadde bare
så mykje å gjera
i dag eller i går
eller helst i sist veke.

Nå kviskrar eg lågt
medan det heile
susar vidare:

Gjer meg til ein reiskap for din fred.
Lat meg så fred der hatet rådar.
Så får det vera det same med resten.

Når eg ein vakker dag
får tid,
skal eg samla dagane mine,
skal eg telja dei
og leggja dei i uryddige bunker,

skal eg prøva å få visdom i hjartet.



Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar