mandag 21. februar 2011

Ein stille invasjon av oss klovnar





Me kjem inn til byen
i båtar og bussar,
med trikkar og T-banar,

med narreluene våre på hovudet,
med prikkete klovnedrakter
og gule parykkar,
med raude nasar og store trompetar,

kan henda til og med
med ein og annan knappholsblom
som kanskje kan spruta vatn.

Me kjører opp
og ned i rulletrapper
og et softis på fotballbanane.

Me kjører karusellar,
og ligg nynnande på ryggen
i parkane
med eit glas
bringebærsaft eller to

før me vinkar til kvarandre
frå toppen av store statuer,
og dansar på hustaka
med store fargerike
ballongar
i lange snorer
frå handledda.

Me badar i fontenene
og moonwalkar
på sjølvaste Karl Johan.

I kyrkjene syng me høgt,
og stundom
grøssande falskt,
med høge
glade stemmer.

Etterpå sender me
papirfly med bibelvers,
og kastar
raude og grøne slikkepinnar
ned frå dei høge galleria.

Me speler munnspel
for gamle damer på bussen,
og deler ut
heimedyrka tomatar på flytoget.

Me graver
djupe holer
til klovneskorne våre
på strendene,
og vassar barføtte i sjøen.

Me sår solsikkefrø
i kommunale bed,
og flettar løvetannkransar
som triste menn kan ha i håret.

Me er der,
men det er ikkje alltid
du har auge til å sjå med

men er der er me.
både i oktober
og på torsdagar.

Ser du kongen
kjøra forbi
i den store
svarte limousinen sin,
skal du ikkje sjå vekk i frå
at det sit
ein tre-fire stykker av oss i baksetet
og spelar feiande marsjar på kam.

Det er ein stille invasjon
av oss klovnar og narrar,
snart skal me kitla livet
til det ler høgt.

Blås opp ballongen
og hent ukulelen
ned frå skapet.

Det er plass til deg her.


Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar