mandag 21. februar 2011

Det er bare desse dagane

Det er bare

desse dagane

som kjem

og kjem.

Det er bare

livet ditt

som rører seg.

Piskar mot deg

i stormen.

Sig umerkeleg inn

som store tåkeflak

roleg over fjella.

Du drikk av dagane

til dei merkar deg

Drikk

til dei langsamt

og umerkeleg

endrar deg.

Du ser ikkje

kva dagane gjer

før du ser deg

i spegelen

hugsar i sekund

at du eingong var

eit barn.

At andre,

som kanskje ikkje

er her lenger,

rørde deg

med mjuke hender.

Det er ikkje alltid

du finn

deg sjølv att

under alle desse dagane

Dei har lagt seg

i etasjar inne i deg.

i bunker oppå deg.

Dei løftar deg

og held på plass.

Saman med orda

om alt som var,

ligg dei

som blåbær og bjørkeblad,

spedde med ein og annan

halvtone,

for melodien si skuld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar