mandag 21. februar 2011

Mellomstundene er alltid hos deg





Mellomstundene
er alltid hos deg,
du brukar dei til å venta
på bussar, tog og tannlegar,

eller til å bli
lukkeleg ståande
og kikka ut
av kjøkkenvidauget.

medan kattane dine
balanserar på hustaka
og naboen går opp trappa si
med to bereposar frå Rema i hendene.

Mellomstundene er fulle
av reklamepausar
av ungar
som ikkje er klare
til å koma ut i bilen endå.

Dei er der på jobben
medan du ventar tålmodig
på at det ska bli ledig på toalettet,
og i kassakøen på Kiwi og Rema 1000.

Du bur i dei og pustar i i dei.

Du finn deg eit vekeblad
og ventar på
at gynekologen skal ropa
på ver så god neste,

du lener deg tilbake i tannlegestolen
medan tannlegen leitar
etter det rettaste boret.

Du ventar på flyet
du helst vil sleppa å gå inn i,
og håpar det ikkje
blir for lang kø
når du skal venta på det utenkjelege.

I mellomstundene
set du radioen lågt på,
slik at ingen skal koma
og byta kanal,

og klappar katten
medan du smugles ei bok
du ikkje har tid til å begynna på.

dei er i rundetidene
du gløymer å telja,
og kjeksane
som heller burde fått ligga i boksen sin.

Du burde samla på mellomstunder,
seier eg til dama i parken,
legg dei i eit skap for eksempel.

Ein vakker dag
kan du ta dei fram,
og knyta dei saman til ein langt tau.

Det kan du ha i fall du får bruk for
å fira deg ut
ein av desse kvardagane
som krev meir
enn du kan tilby.

Katten
hoppar nok etter
kjenner eg han rett.

Du skal velsigna
mellomstundene,

Du treng noko
å halda deg fast i.



Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar