mandag 21. februar 2011

Det er snart på tide



I den mørke byen
går folk med høge hattar.

Menn med like luer
kjem i lange rekkjer.

Lengtedamer
kjøpedamer og levedamer
går på høge sko
mot brusteinane.

Korleis klarer dei
å halda balansen
desse leande
glededamene,
desse hastande
hentedamene
desse rolege
tenkedamene
med trillebagar
og handvesker
frå Gucci og nille?

Det står krokodillar
i gatesmuga.
Krokodillar med lærfrakkar
og store solbriller.

Dei smiler
med blendande kvite tenner,
og har avisene under armen
medan gasellemennene joggar.

Som lyseblå og raude lyn
flyg dei over fortjengerfelta
flyt dei langs sykkelstiene.

Eit piggsvin
kryssar gata på raudt lys.
Piggane strittar av hårgele.
Han sig
med forsiktige steg
mot vannfontena.

Moldvarpar med kvite stokkar
smyg seg langs husveggene,

og alle blomsterbarna drikk
sjampanje og pæresaft
henslengte i rosebeda.

Det syng i byen no.
Det dansar i gatene.

Alle røyskattane med rette ryggar
og lange glade halar
spelar på fløytar
og slår på symbalar.

Sorgfruene set seg på benken,
tek fram små runde rullar
med mariekjeks og rugkaker.

Sjiraffane kjem syklande
på lange rekkjer
på kvar sin einhjulssykkel
med fiolar og tusenfryd i hendene.

Dei små rottene gøymer seg i kjellaren,
dei kikkar ut på musikken
med små engstelege perleblikk.

Frå fontenene
sprutar det villbringebærbrus
og dei vakre vannliljene
gjer seg kvite
for ein mann med lange vadestøvlar
på veg mot elveosen.

Alle desse små kinesiske bruene,
og alle trea med fulle hender.
Dei ber store klasar
japanske kirsebærblomar.

Kom skal eg kyssa varmen i deg
seier ein mann med lang nase
og mjuke armar
der han står på eit kumlok og ventar,

men ballettjenta med minkpels
vrir seg engsteleg unna.

Snart er det mørkt nok
til at faklane skal tennast.
Ein eim av parafin ligg allereie i lufta.

Villvin og klematis
strekkjer seg i forventning
og ungane får lov til å vera oppe.

Dei sit i fulle barnevogner
dei vinkar med flagg og tåteflasker.
Det er snart på tide nå.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar