mandag 21. februar 2011

Morfar





Morfar
var ein bitteliten
mager mann.
Men eg visste det ikkje.

Ikkje før eg var vaksen
og såg det på eit fotografi.
Den gongen såg eg bare morfar

Morfaren min
tok meg med på turar
til det eg trudde var Amerika,
og som seinare
viste seg å vera ein stad på Tu.

Du må ikkje lura ungane,
sa bestemor,
Men det glitra
litt i auga hennar då ho sa det.

Om kveldane kunne me sjå
Esau og Jakob i vindauget
dersom me kikka ut
etter at det var blitt mørkt.

Me kikka ut mange gonger,
og Esau og Jakob såg ut
som ein mann med skjorte
og eit barn
med kulerunde auge.

Nokre gonger
når det var jonsok
gøymde han flasker
med eventyrbrus

Bror min og eg leita,
mellom forene på eplestykket,
mellom dei store steinane
i steingarden
og fann dei til slutt.

Morfar hadde fire tenner,
to på kvar side av munnen.

Han song når han var aleine
om Jonas
som låg i fiskens buk

Morfar
tissa i tomme fiskebolleboksar
når han måtte på do
om nettene
av og til fekk han k
rampe i føtene
og måtte
hoppa rundt på golvet.

Morfar laga små runde hol
i bestemor sine tyllgardin
Dei smelta rundt sigarettane hans
fordi han måtte stå
så nære kjøkenglaset for å sjå ut.

Morfar røykte Blue Master,
men han fekk ikkje
røyka i stova.

Han hadde eit sår i panna,
men han kunne slå lueskuggen ned
og festa med ein knapp.

Morfar laga kjøttkaker
om kveldane.
Han fylde opp store gryter
fordi me var så mange.

Sausen var tynn og brun
Med smak av salt og kjøt
og sundag
om ein fekk lurt
ei teskei ned i gryta
når ingen såg.

Etterpå pussa han
skorne våre til dei lyste
og sette dei på avispapir
ute i gangen.
Om morgonen
kom han syklande
på den gamle
damesykkelen med sidetasker.
Han hadde vore på Bryne
og kjøpt ferske rundstykke til meg.

Eg smurde dei med
kald margarin
og fatost med karve,
eller kanskje med
bringebærsyltetøy,
og bestemor lo
mot meg medan eg åt.

Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar