mandag 21. februar 2011

Me skulle ha takka meir




Me skulle ha takka meir.

Takka for dagen,

for minutta,

for vinden,

for regnet.

Takka for alle

i som bur i tida

eller som har budd der,

i rom

me gjekk inn og ut av.

Me skulle ha takka

med ord

med tankar,

med pust,

og med pulsslag.

Takken skulle sveva

over hustaka,

breia seg

over engene,

fylla oss heilt.

Takken skulle stiga

ut av brødboksen

når me opnar han

om morgonen.

Han skulle

ha hoppa ut

av hendene våre om kvelden.

Takken skulle vera

melodien

når me dansar.

Han skulle aldri teia,

bare ligga der,

vera grunnpulsen

i musikken vår

bera det triste

det såre og nakne

det trøytte og fortvila.

Han skulle bera blåtonane

Som legg seg

oppå hjarteslaga

og blir til jazz og blues.

Me skulle snakka varmt

til dagane våre

takka for at dei kjem,

takka for at de har vore her.

Takka kvar gong me bruker dei.

Kanskje me ved Guds nåde

kunne få mot nok

få styrke nok

til å takka oss gjennom siste porten og,

takka for fylgjet,

takka fint for nå.

Me skulle ikkje spara takken

til fine selskap.

Me skulle pakka kvardagane våre

inn i takk,

Me skulle

finna fram

store rullar teip,

store nøster med hyssing.

Så skulle me setja i gang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar