mandag 21. februar 2011

Støvsugaren og heile hans hær



Støvsugaren
og heile hans hær
står klare i kroken til dyst.

Eg ber om nåde,
men har vel
sluppe unna
lenge nok nå.

Avisene leitar seg veg
mot taket
frå stabelen
ved peisen.
Det er på tide nå,
seier eg strengt til meg sjølv.

Parkeringsplassen for
sånn litt av kvart
ropar på meg,

Ein tom kaffikopp
smiler hånleg
borte ved fjernsynet?

Ashes to ashes
and dust to dust.
Det må då minst
vera støvets år i år,

det er då ikkje
lenge sidan
sidan sist eg støvsugde?

Nå gjeld det
å ha tunga rett i munnen,
og ikkje for langt til høgre
eller venstre.

Det gjeld å halda
kroppen sin
på sporet av den tapte tid,
som eg må ta att seinare,
om fingrar og forstand
heller vil
gjera andre viktige ting.


Det er inga trøyst
at stova framleis
er koseleg i mørke.

Det kan jo vera
eg finn ein skatt
under ei av sofaputene,
der har eg funne
både klokker
og tikroningar før.

Blomane på verandaen
burde vore i vase
før frosten tek dei,
og har eg noko
eg kan moppa taket med?

Ein må for alt i verda ikkje
vaska vindu i solskin
det er noko alle veit,
så korfor skin ho ikkje nå?

Her står eg bunden
med vaskefiller og golvkluter
på hender og føter,

Kven veit om ikkje
inspirasjonens høgengel
kunne koma
til å spasera gejnnom
skrivestova mi
det akkurat nå…

Det er nok best å skriva
diktet om støvsuging
før eg viar livet mitt
til den faktiske aktiviteten.

I fall fascinasjonen
eller microfiberklutane
skulle halda meg så fast
på det klissete kjøkkengolvet
at eg aldri meir kjem laus.


Heidi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar