torsdag 31. mars 2011

Då eg framleis hadde små munnar


Då eg framleis
hadde små munnar
som drakk av meg

framleis
hadde dunete
trillrunde små hovud
som lukta honning
mot halsgropa mi

framleis
såg mjølkedropane
renna
over tannlause smil
og ferskenkinn

pakka inn
i mjuke
flanellsteppe
i blått og rosa

laga eg
dei første eventyra
om å verna dei
mot mistelteinar
og spinneteiner

eg la planar
for å verna Balder
for å bygga rosenhekkar
til vern mot vonde spådomar

nå øver eg meg
i å sleppa taket

medan hjarteslaga mine
framleis
er bøner alle saman
til Gud om vern
og visdom

til nornene
om gode skjebnar

til Timmy grashoppe
om å gå på sida av dei

men i mitt ytterste mot
vil eg dei skal ta med seg liva sine
og leva dei sterkt og sårbart

Heidi

Tørste


For tørsten vår
kan ingen ta i frå oss

me står her
me tørstande

med hjelpelause
sugerøyr
i hendene
og dinglande frå leppene

utan heilt å forstå
kva me skal
bruka dei til.

Heidi

Gå forbi


I frostkalde netter
hender det meg
at eg høyrer
skritt

kjenner i gru
ei kald hand
overbrystet

dødsengelen
med eld i blikket
og eit staup i handa

dersom det er mogleg,
gå forbi

ta med
den beiske drykken

min tørst
står til livet

gå frå meg
og skund deg
ikkje tilbake

eg trur meg kalla
til å leva

Heidi

onsdag 30. mars 2011

Sommarnatt


Når alle søv
tek timane på
ballettkjolane sine

Dei svingar seg
over
tretoppane
dei skjelvande blåklokkene
og maurane
som søv i tuene sine

Kikkar lattermilde ned
på parkerte damesyklar
Med bjørkeblad og ispapir
I sykkelkorgene

Trippar på tå
på øvste trinnet
av nedslitne tretrapper
Der tresko og barnesandalar
står roleg og ventar
på morgon.

Tek rolege
piruettar
på klessnorene
til musikken
av tunge nattedufter
av sjasmin og liljer

Før dei pustar
djupt inn
og førebur seg
til vekkarklokker
og tannpuss.

Heidi

fredag 25. mars 2011

Sjå i nåde til oss


Me sit her
på kvar våre tuer

sorterer glas
metall, papir
og plast

strever
med draumen
om finare bil
nyare stove
høgare sko

byggjer oss
kapell
av draumar
lotusblomar
og brennande
lys

går turar
i kjøpesenter
fulle av perler
og krav
fulle av lange korridorar

sjå i nåde til oss
me famnar livet
etter beste evne

og det er då
noko rørande
ved oss.

Heidi

Tida for å ta i mot


Det er tida for små og store steg
tida for å senda tankar
som boomerangar
over trekronene

for å venta for å sjå
om dei kjem tilbake.

Tida for mjuk skogsbotn,
barnåler under føtene
kryptiske kongleformasjonar
i alt det brune.

Tida for å ta i mot.

Heidi

Me skulle heller klappa katten


Ein malande katt
dovent på tastaturet
der du har tenkt å forma ord

kjærteiknar handa di
med ein pote utan klør.

Me skulle vera stille
av og til
stille som soloppgangar
tause som dogg i graset.

Me skulle ta pause
frå radioen
som snakkar og snakkar
frå alle tankane
som spring i frå oss.

Me skulle heller
klappa katten
av og til
og la det andre venta.

Heidi

torsdag 24. mars 2011

Ein blir nok frykteleg sliten


Det hender livet
spring fortare
enn du orkar.


Slik svingane
tok deg
i baksetet
på den gamle folkevogna


då du var lita
og til slutt
måtte ut for å spy


eller i beste fall
klarte å s
kvalmen
i små beiske munnfullar
til du var framme.

For blir me ikkje svimle
av dansen
på slakk line
med alt me har
i hendene?

Me strever
med balansen
rett som det er
utan å våga
å sjå ned.

Men tankane
finst
vibrerande
redde
om alt
som kunne ramma oss.

Tsunamiar av frykt.
Tikkande atomkraftverk.
Alle som vil knebla
ord og tanke.

For framleis
er me små
og dei store
held rattet
med det me
i beste fall
helst vil tru
er støe hender.

Kanskje skulle me
ha dekka bord
for dei store
i begge stovene
i eit gammalt hus ved havgapet.
ein lys og varm sommarkveld?


Prestekragar
i blå skåler på bordet
eplekake
og rabarbrasaft
i store karaflar
skulle dei fått

og blomsterkransar
til å setja rundt
skallane sine.


Og så skulle dei
i ein time eller to
få vera små
desse store,
ein stad
der dei ikkje kan skada
andre enn einannan
ei heil lang sommarnatt.

Og nokon skulle spela
mjukt for dei
på munnspill eller fløyter.


ein blir nok frykteleg sliten
av å vera president
eller diktator.

Heidi

Våren, ein galopperande blakk hest


Der mellom notene
sette av fugleføter
i fuktig sand

ser eg våren
koma
mot meg
i rasande fart.

ein blakk hest
galopperande
i sanden
med strittande man
med flaksande hale og lugg

sanden
fykande villt
mellom hovane.

Skumhestane
frå havet
kjem han kneggjande
til møtes.

Set eg meg ned nå
på den iskalde steinen
kan eg fort bli gammal
eller sjuk.

så eg spring
på røde gummistøvlar

eg som alltid har vore
redd for hestar

spring med håpet
som ein glorie
om hovudet

spring utan tanke.

Klar
for å hoppa
på hesten
i fart.

Heidi.
2 sekund sidan · Lik dette

Ikkje bare eit vipeskrik


Våren er
ikkje
bare
eit vipeskrik.

Han er framleis
frosen jord
er framleis snø
når du minst ventar det
og store svarte
kråkeflokkar.

Du står der
med skjerf rundt halsen
og ser
over halmgule marker
dit bølgjene bur.

Kjenner att
den fuktige angen
av rå jord.

Kjenner
noko smelta
og bli mjukt
langt inne
bak ribbeina ein stad.

Plutseleg fryktar du
dette unevnelege;
Å koma for seint
til ditt eige liv.

Heidi

onsdag 23. mars 2011

Stilla etterpå



Lufta er Guds pust.
Ho er fullkomen ro.

Stilla smakar kjøleg
av gras og mold.

Det er englar her
eg ser dei
mellom greinene.

Epla smakar
knasande
syrleg
mellom tennene mine.

Himmelen
er
ei sommarblå halvkule
spent over meg

eg
som ligg i graset
og finst til.

Så får dei
koma og gå
dei
som gå og koma skal.

Blåklokkene ringer
for den
som har øyre
å høyra med.

Og visst
kan det
hentast inn
ein og annan
fiolin.

Me er framleis
i rosespiraen si tid

Stjerner
i ørsmå
fallskjermar
svever
som
såpebobler
i lysrefleksjonane.

Gud er
i stilla
etterpå

Heidi

Å kunna sjå


Det er fint
å kunna sjå.

Kanskje det
kunne vera eit kall,
å sjå?

Stå der og møta blikk.

Kallet til
nybakt grovbrød
og varm kaffi

til dei som tar i mot?

Kristi lekam
og Kristi blod
i omskriven variant.

Dette eine viktige
å vera utstrekte armar

Plommesyltetøyet frå i fjor
skulle kunna duga.

Om Gud i sin nåde
kunne gi meg kloke auge
slike som kan skilja
det viktige
frå alt dette andre.

Om eg stengjer
hjartet mitt,
kva skulle eg då
halda ope?

I mine hender
ber eg tida inn,
ber eg tida vekk.

Måtte dagane
koma og koma
og eg våga å bu i dei
med heile meg.

I alt det vidunderleg
uperfekte

skal eg halda ope
det som ope vera skal,
brødskuffa,
hjartet
og kaffiboksen.

Heidi

Du skal vera



Med varsemd
skal me sjå oss tilbake
mot alt som ein gong var.

Me vil ikkje risikera
å enda opp
som Lot si hustru.

Heller levande
menneske
enn saltstøtter.

Me skal vidare,
vera levande.

Kjenna livet er nå,
ikkje i går,
ikkje for to veker sidan
eller på syttitalet.

Det er nå me står her
kledde
i vår eigen
velkjende
gamle kropp
med livet og sekunda
strøymande gjennom oss.

Nå me dreg luft
inn i lungene
og lever.

Det er du som
finna
ei skjoreveng
eller ein utgått skosole,

og så skal du
le av deg sjølv
og la regnet falla
og vinden blåsa.

Du skal jå deg tilbake,
men ikkje for lenge.

Du skal heller
klappa katten
og smila

medan du
tek føtene dine i å dansa
nedover gater
du ikkje visste om.

Du er tankar og blod,
songar og pust.

Du skal vidare,
og du skal vera.

Heidi

Dørene


Eit ord
er eit ord er eit ord,
tenkte eg
og fingrane hoppa

som små ekorn

på tastaturet.

Det er lyder i huset.
Det er tida
for rutete pledd,
tida for
å festa livet til lerretet.

Skal ein fanga liv
treng ein masse
hjelpelinjer .
Det hender
til og med
at ein treng
diagonalar
i hjelperutene.

Det er ikkje fargar nok
på paletten
eller bokstavar nok i
alfabetet

Alt har ein ende
snart kanskje
om ikkje nå,
skal dører
som lukka seg
ei for ei,
døra til farmor sitt kjøkken,
og andre dører.
for om lenge,
om ikkje før
skal alt tast i frå oss.

Men framleis
står eg her
og skapar
dagane mine
møblerer dei
som roma i eit dokkehus.

Eg ser livet
vegen gjennom
rundt og til
ein større omsorg.

Heidi

Framleis


Framleis
kan eg sitja her
ved farmor sitt kjøkkenbord
medan ho trippar
til og frå
med vaffelfat
og saftmuggar,
framleis hoppar eg inn
i baksetet på bilen
til faren min
som framleis ordnar opp
når eg er lita jente
og ikkje ser syn på vågestykke
som bilkjøriing på glatta.

Akkurat nå
er me her
alle saman
med kvar vår tur
til å vera på scenen
og kvar vår tur
til å gå ut.

Entré og sorti,
dei brennande minutta
med heftig samspel,
brennande dialogar,
monoton musikk
og ein og annan
einsam monolog

Glimtvis kjem tida
for å fly,
men eigentleg
så trivest eg best
med beina på bakken.

Men ei og anna fergereis,
ja visst,
ikkje har eg
fram til nå
snubla på landgangen
eller falle i sjøen.

Heidi

Havet syng den store songen



Januarhavet
på storscenen

flaskegrøn kjole
med skumkvite kantar.

partituret skrive
på stranda
i notelinjer
frå vognhjul

notar frå tunge hesteføter
frå store og små menneske
hundepotar
og fjørlette fugleklør.

ei og anna
punktering
ein blå plastdunk
kasta inn
på kommando
frå storhavet.

stor-tare
mellom linjene

ein patetisk stormåke
på overstemmen

melankolske tonar
til grunnpulsen frå hjarteslaga

salen røyklagd
av tåkeflak

stega mine
rytmen

tvilen i den store songen

til alt
fell på plass.

Heidi

Januar




Æva ligg i havkanten
og syng
om livet
for dei som måtte
ha øyrer å høyra med.

Ein og annan
vandringsmann
på joggesko
og i regnklede

går der
og kjenner
på svara
utan heilt
å kunna tolka.

Ein mops
i regnfrakk
spring lukkeleg
etter pinnane sine
og alt er for øvrig
såre vel.

Høghuset
På Bryne
strekkjer halsen
mot skyene
men i skodda
ser ein ikkje langt.

Menneska
subbar seg fram
over glaserte fortau
og klamrar seg
med kalde fingrar
til husvegger og gjerder.

Om det framleis
fantes telefonstolpar
og stolpesko
kunne ein like godt
teke den vegen.

Med prikkete paraply
kanskje?
og strutteskjørt i tyll.

I Garborgstova
på biblioteket
serverer dei
fransk og varm
sjampinjongsuppe.

Medan
mørket pakkar seg
stilt og januaraktig
om oss
lenge før det blir kvelden.

Heidi

Den magiske melodien




Eg sit her
ser åra
gå og koma
som minutta
i ein dokkefilm.

Medan me
innreier
rom for
rom
i dokkehusa våre
med kommoder
av fyrstikkøskjer
og bord
med trådsnelle
til fot

Som Pernille
Gjorde det på
60-talet
opnar me dørene
for Mr Nelson,
og hjartet
for eit og anna
Tonetroll.

Og visst er det lov
å vera lukkeleg.

Nokre gonger
er livet
vaniljepudding
med jordbær.

Alt er som før
bare at leiken
er det ekte
og einaste livet.

Me trekkjer pusten djupt
veit at Brogin
ein eller annan stad
der ute
framleis leitar
etter den magiske melodien.

Heidi




Når stormane vil ta meg

lener eg meg tungt

med panna mot din fred.


Søkjer eg ly,

kjem eg stille til deg

med livet mitt tyngjande

varmt mot handflatene.


Som ein fugl

vil eg byggja reir

der freden finst

midt i stormen

hos deg

som bur ved havsens ytterste grense

og vandrar saman med meg

i dødsskuggens dal.



Men ikkje vil eg gøyma meg

for livet

bare pusta roleg ut og inn

og kjenna at her

høyrer eg og heime


før eg spreier vengene att

og siglar ut

på eit hav av vind

og sterke straumar

Heidi