søndag 27. februar 2011

Velkomen vesle menneske.



Velkomen vesle menneske,

velkomen til jorda,

staden med vind og blomar,

ord og gongetabellar,

staden for mjuke kjærteikn,

song og tankar.



Måtte din tørst til livet

bli stor.



Måtte du bli boren

av kjærleik

og god vilje,

og måtte du sjølv

bli i stand til å bera.



Måtte dine lengsler bera frukt

og dine draumar vera lette,

måtte det ofte vera sommarhimmel

over tankane dine.



Måtte sorgene

ikkje bli tyngre

enn du har rygg til å bera,

og måtte du ikkje få

fleire motbakkar

enn dei som gjer deg sterkare.


Måtte du få auge

som ser det gode,

og mot nok til å løfta det opp.



Måtte livet gje deg sterke venger

og djupe røter,

og måtte du få den gåva

å kunne lena deg i glede

mot ein større omsorg.

Heidi

onsdag 23. februar 2011

Slikt som skjer




Eg vil sitja midt i hagen
på det store gamle brønnloket
omringa av blåklokker,
gamle vekeblad
og malingskatalogar

Slik sat eg
og var lita jente
i bestemor sin kjellar
ivarm og rå damp
frå den store gryta
der dei kokte kvite klede.

Med ei butt lita saks
skal eg klippa livet mitt ut,
dødsannonsar og blomar,
nyvaska barnekjolar,
smilande mødre
som har brukt Milo,
og kontordamer
med colgateringar av sjølvtillit.

Så skal eg henga det heile
på ei ventande klessnor
med gråna klesklyper.

Det skal vera sommarkveld
når eg er ferdig.

Men sjølv på sommarkveldar
kan ein koma til å frysa litt
om ein står for lenge stille.

Og visst skal eg
stå stille,
bare stå der
til eg
kjenner rytmen min att.

Rytmen frå hjarte og puls.

Så kan dei andre
bare koma
med sine eigne rytmer
i opne handflater.

Med forbausa og strålande auge
skal me lytta til musikken
sjølv om me frys litt.

Det skulle ikkje forundra meg,
om Gud legg på ein overstemme
sånn utpå natta.

Det er slikt som skjer.

Heidi

Shalom



Med fred
vil eg møta deg, syster.
Eg rekkjer deg
min tillit, bror.
Trass i
havsens bølgjer
og ville vindar,
og dette at ikkje alt
let seg gripa tak i
trass i
at det finst knutar
eg ikkje klarer å løysa opp.
Om det
somme gonger
er meiningslaust vanskeleg
å finna einanna
vil eg likevel
opna hendene mine
og løfta dei til ei fredshelsing.
Måtte Guds fred
som overgår all forstand
vera hos deg
kring deg
og i deg
alltid.

Heidi

Heilagt vere livet



Så lenge det heiter i dag,
skal me samla på liv,
på grå torsdagar,
kvite sundagar,
på lange og korte fredagar.

Jordbær og rabarbra
under sommarhimmelen
og fiskebollar i november.

Me skal dekka bord
for vandringsmenn og slektningar
og ikkje spara på syltetøyet.

Me skal kyssa barna våre
medan dei veks oss
desimetervis over hovudet,
slita oss opp motbakkane
og leggja oss pladask i graset
bare for å få sommarregn i ansiktet.

Ikkje eit einaste sekund
skal me gløyma at me lever.

Heilagt vere livet
gjennom kvardagar,
klesvask og kyrkjegang.

Heidi

Oveblikk



På lange snorer av liv
heng eg dagane mine,
den gule kjolen frå eg var elleve år,
den bleikrosa med heklekrage,
kriblinga i magen då eg var femten år,
og hjartebanken i trappehuset
i ei blokk i Kristiansand,
Kongepudlane i Oslo midt på åttitalet,
luktene av håret på mine nyfødde barn
tyngda av hovuda deira mot halsgropa mi.
Støyta av smerte kvar gong eg såra nokon
og englesongen kvar gong himmelen opna seg.
Varmen frå kjærasten min når eg frys om nettene,
kjensla magemusklane når eg har ledd høgt og lenge.
Ein og annan motbakke,
ein gul og losliten bamse fyld med sagmugg.
Gode vener midt i kaoset,
ein tiåring på fanget mitt,
tenåringar på badet
og alle jakkane eg plukka opp frå ganggolvet.

Her står eg og samlar meg eit liv
medan regndropar kjærteiknar hendene mine.

Heidi

Snøklokkesjel



Ho har ei snøklokkesjel
lett skjelvande,
lett frysande,
samanliknar seg
og kjem til kort,
veit ikkje sjølv
kor sterk ho er,
ho som ber blomar i snø.

Heidi

Foto: Isfugl frå Creative common

Det heilage, allminnelege systerskapet.



Midt i alt pulserande liv,
alltid venda tilbake
til det heilage
allminnelege systerskapet.
Kvila i gode blikk.
Kjenna trykk frå varme hender.

Det er me som har gått saman
på endelause stier
gjennom opna landskap.

Me som har strevd oss opp
lange motbakkar
og kvilt med blikket
mot bleikblå vårhimmel.

Det er me som har skrive i sand
og hogd i fjell,
som har hugsa og gløymt,
gråte og ledd.

Me som har sett smilerynker
leggja seg vennleg
kring auga til einannan.

Sett spor av livet
kransa seg fredeleg
kring munn og panne.

Me har sett ungar bli fødde,
og veksa seg store.
Sett deu første grå stripene
laga nye mønster i håret,
medan blomar opnar seg,
visnar,
og kjem tilbake.

Rike av liv
og klokare enn før
samlar me godleik,
frustrasjon og galgenhumor
i stablar
mellom englar og matoppskrifter
på det vakkert dekka bordet
mellom oss.

Me let orda stryka mildt
over skrammer og sigrar.

Heidi

Eg seier dei skal fly






Så er dei plutseleg blitt store
får barbermaskin og eyelinar,
miniskjørt og reknebøker
eg ikkje forstår.
Dei får eigne nøklar
og mobiltelefonar,
spelar sin eigen musikk,
og chattar med ukjende om nettene.
T-skjortene blir trongare
medan joggeskorne deira
veks til storleik 43.
Eg seier dei skal fly,
og held dei så hardt eg vågar,
medan eg kviskrar
magiske formlar
av tru og håp
og ber Jesus passa på dei
kvar gong eg tilfeldig
rører skuldrene deira.
Eg elskar så høgt
at det gjer vondt,
og frykter til grensene
av min fantasi.
Eg ropar
mot sunnavind og nordavind,
tryglar mot vest og mot aust
at ingenting vondt
må få røra dei,
og somnar når eg veit
at alle er i hus.

Heidi

Bundne til orda



Bundne til orda
saknar me
eit større språk
dei fangar opp
for lite,
orda,
er for tronge.
for vide,
for kantete
eller har
rett og slett
feil farge.
Ikkje kan dei
på langt nær
skildra
eit menneske,
visa fram livet
og slett ikkje
yta rettferd
mot vare
vibrerande
kjensler.
Kven kan finna
ord for eit under?

Blygt senker me
blikket,
leiter etter
eit større språk,
og opnar
forsiktig
hendene.

Heidi

Alle ting nye



Då skal me få dansa all vår tillit.
Trea skal klappa i hendene
og engene synga.
For heilagt er livet
heilagt og allminneleg.
Ein gong i mellom
skal det eksplodera
i rein, uforferda glede.
Då skal me svinga palmegreinene våre
reinksa strupene
og jubla.

Heidi

Siger



Eg ville blåsa i alle mine saksofonar
om eg hadde nokon
og kunne bruka dei.
Eg ville jubla
mot bølgjene og vinden
og ta til vengene
om eg bare visste korleis.
Eg ville jubla
mine sekund
og dansa mine timar
Eg skal
synga gledessongar
frå fjelltoppane
når sorga slår sprekker
og slepp gleda ut.

Heidi

Lyset



Lyset skin
i mørket.

Eg ropar
med det eg har att
av stemme:

La mørket ta i mot det.

Heidi

Før meg gjennom mørket



Før meg gjennom mørket,
hald trua mi fast
til eg kan skimta lys.
Av jord er me komne,
og jorda eig oss.
At lyset finst,
er me skapte til å tru,
og at kjærleiken
må vera sterkare
enn døden.
Stryk håp
mot fingertuppane våre,
gjev oss heilag grunn
under nakne, kalde føter,
så vår redde tanke kan bli tru.
La våre modige håp få veksa
til rungande lovsong.

Heidi

Påskeaftan



Dagen ulik alle andre dagar,
framleis er verda bunden,
framleis er døden død,
og jorda tok i mot han.

Molda under føtene våre,
framleis er ho frosen.
Verda angar jord.

Og alt står stille.

Heidi

Eg lente meg mot ei natt



Eg lente meg mot ei natt,
og såg mine murar falla.
Mine stillas vart til støv,
og mine liljer visna inn i stein.
Vernlaust open
stod eg att,
og såg mine draumar slettast.
Eg var ny
og uendeleg gammal,
eit kapell utan bøner
var eg blitt,
ei tom krukke.
Eg lente meg mot ei natt,
utan å kjenna at det var det eg gjorde.
Frysande stod eg der
og venta.

Heidi

Foto: Dyckman frå Creative common

Kyrie



Oftare enn mange skulle tru
høyrer eg hanen gala.
Halvkøyvd og forsiktig,
men høgt nok
til at eg kan høyra.
Gud vara mitt vaklande,
heilage mot.
Miskunne deg over meg
som mykje høyrer
og lite skjønar.

Heidi

Fanga i eit svik



Fanga i eit svik
som romar alle nederlag
gjer me oss til svikarar
om att og om att.
Langfredagshola i liva våre
er fulle av hanegal
og små usynlege jordskjelv.
Dei tome timane,
kula me ikkje klarer å gripa-
Me står mållause,
tomhende og handlingslamma,
medan me spelar sørgjemusikk
på fløytene våre.
Frå stortrommer og pauker
drønner slaga
store og tunge.
Me kjenner fattigdomen i å ana,
men vera ute av stand til handling.
Forstyrra av vår eigen puls,
ein trøytt tyngde i korsryggen
og føter som verkar i skorne,
står me tause
der me ville ha ropt.

Heidi

Rop frå mørket



Frå mørket
ropar eg
til deg,
min Gud:
Skap natta
i meg om
til dag.
Måtte
mine tårer
føda visdom,
og mine sår
gjera meg
sterk
så eg
med ny kraft
kan løfta
lovsongen
mot
din himmel.

Heidi

Maria



Du bar sjela som eit smykke om halsen,
huda di kunne ikkje gje deg vern
for du var vernlaus.
Namnet menneske
stod skrive på panna di,
bunden til denne verda
skapt av jord og eld
og kvasse kantar.
Bunden til jirda
av tårer og tyngdekraft.
Mor, meir enn nokon gong
til denne framande,
denne som din
du framleis elska
like høgt som den gongen
då han låg ved brystet ditt.
Omskapt av smerter
og dette du ikkje visste kva var
tok han i mot vondskapen
utan å verna seg,
Då du var nær ved å knusast
av smertene hans
mot din eigen kropp
anda han ut.
I eit iskaldt, meiningslaust sekund
må du ha kjend
at alt var over.

Før livet falda ut vengene
og alt vart heilt annleis.

Heidi

Langfredag



Kan ein tru på liljer
på langfredag?

Tru
når sorga tek strupetak
når tyngda
dreg ein hardt mot bakken?

Kan ein tru på eit under,
ikkje noko mindre,
at kjærleiken
skal eksplodera
at natt skal bli dag,
at død skal bli liv,
og at tempelforhenget skal revna?

Ikkje kjenna fasiten,
bare tynga av smertene
lena seg trassig mot livet.

Bare knuga ei lita kvit perle
av hardt, glattpolert håp,
fast i ei hardt lukka hand,

Og framleis tru på liljer.

Heidi

Foto: Saokhue 2007 frå Creative common.

Trassig lovsong




Midt i
langfredagsmørkret
i det kaldaste gufset
frå dødsskuggens dal
stig
ein trassig lovsong
som ei einsleg kvit due
på modige
ustøe venger
opp til deg.

Heidi

Ein større kjærleik



I vårt vaklande mot
skal me tru at sorga
kvilar i ein større kjærleik.
Som den kvite pasjonsblomen
ber med seg sorga sitt andlet
i sitt inste rom
og framleis lyser
i ei avspegling av ein større kjærleik.

Heidi

(foto: Jelgue frå creative common)

Me somnar i Getsemane



Me somnar i Getsemane
me som hadde tenkt å vaka.
Me trudde ikkje det skulle bli som dette
den gongen me kom til deg
med framtida rein som kvite liljer
i sterke hender av god vilje.
Slapp me då ikkje alle ting og fulgte deg?

Me som ville mykje,
oss som lite skjøna.
Det vart så annleis.
Med akslene tyngde
av alt det me hadde tenkt
møtte me det ukjende.

At vegen var smal
hadde dei sagt til oss,
det var oss sjølve
me visste for lite om.

Me somnar i Getsemane,
utmatta av alt
det me undervurderte:
vondskapen, kvardagen
og likesæka.
Det var me
som skulle ofra livet
om det trengdest.
Det var oss som ville
flytta fjell.

Nå sit me her og søv.
Ha tol med oss, Herre.

Kyrie Eleison
Miskunna deg i di liding og din styrke.

Heidi

Skjærtorsdag 1



Måltidet mellom vener
underleg framand
raknande, sviktande.
Annleis enn alt
me til nå hadde vore med på.
Stille løfta du kalken,
saman dyppa me brødet.

Då orda dine
let tida frysa til is,
reiser ein av oss seg og går.

Men nå,
bortom tid og rom
og alt som bind oss
rekk du fram begeret på ny
og ber meg om å drikka.

Heidi

Skjærtorsdag 2




Så dekka eg bord
for alle eg møtte:
Ho som alltid song på bussen,
han med alle pengane,
barnet med såpeboblene,
han med sår i begge hendene,
og ho med den tomme barnevogna.
Duken var blå som ein himmel,
og druene sprengde mot skalet sitt.
Grovbrødet skar me
tjukt og generøst
med heimekokt eplesyltetøy til.
Te og Mariekjeks.
Hankelause krus
og Kongeleg Dansk Porselen.
Sukkerskåla frå Fretex
med avskalla gullkant.
Stolar
hadde eg som ved eit under
meir enn nok av.

Heidi

tirsdag 22. februar 2011

Palmesundag



Tre dagar leita eg
etter han som ein gong rørde meg,
gjekk etter orda
mellom syngande kvinner
og feststemde menn.
For det siste eg hadde med meg,
kjøpte eg palmegreiner,
dei største eg fann.
Dei tyngde mot hendene mine.
Eg såg han koma,
ikkje på hesten,
men på eselet.

Eg kjende i kalde ilingar
langs ryggrada
at noko ikkje var
slik eg hadde trudd.
Eg løfta min modigste lengt,
heldt draumen fast
og løfta palmegreinene
medan eg kjende jubelen
skurra sårt mot stemmebanda.
Eit sekund fekk eg blikket hans
svalt og brennande.
Glimtvis visste eg,
men klarte ikkje å skjøna.

Heidi

mandag 21. februar 2011

Juleutstilling på Ålgård



At det gjekk an
å ha krem på kakao
hadde eg
ikkje hatt fantasi
til å tenkja meg,

ikkje før
Aasa Høgemark
serverte det
ein kald kveld
etter juleutstillinga

Mor syntest nok
at kakao og krem
var i overkant
kvar for seg,

men er ein buden
i eit selskap
så tek ein sjansen
og svarar ja.

Det var
berusande,
vidunderleg,
men farleg lett
å brenna tunga,
så det gjorde eg
med det same,

ikkje mange ting
var like kaldt
som juleutstilling
på Ålgård.

Nisse og juletre.
Dei grøne lyktestolpane
dekorerte med små lyspærer
i spiralar
frå topp til rot.

Ålgård musikkorps
og Deilig er jorden
i regnblanda snødrev.

Sverre Høgemark spelte horn
det var nesten litt stort
å nesten kjenna nokon
som kunne spela
eit ekte musikkinstrument

Til slutt
filmframsyning

Hundre opprømde ungar
utanfor
utstillingsvinduet
hos fotografen,

Donaldfilmar,
rett nok utan lyd,
for me var ute,
og filmen var inne.

Me stod der
nokså tålmodige
venta
kvar gong
filmen hang seg opp.

Kan ikkje desse minste
få koma heilt bort
til vinduet?
sa Ingrid Eikeland
og meinte oss.

Dei store snudde seg
med forbausa miner,
som viste
at det
kom dei absolutt ikkje
til å gjera

Eg raudna
til langt ned
i støvlettane,
mi eiga mor
ville aldri
ha drøymt om
å seia noko slikt.

Til slutt.
Donaldfilmen
baklengs

Me lo endå høgare,
og hoppa opp og ned
hadde aldri før
vore så kalde.

Men Donald
gjekk baklengs
og bløtkaka
kom ut av munnen hans
ned på den store tallerkenen.

Før dei sløkte lyset
og alt var over
for i år.

Heidi

Den namnlause



Den namnlause

Dei visste for mykje
om det dei trudde
var deg.
Dei såg det forvrengde
ansiktet ditt
skapt av alt dei hadde høyrt.

Dei hadde gitt deg maske,
men såg det ikkje sjølv.

Eg ville så gjerne
gje deg eit ansikt,
men torde ikkje heilt
å prøva.

Eg begynte med
hendene dine
dei var naglemerka
og det heile
vart for vanskeleg.

I staden strekte eg ut
mine eigne handflater,
men dei dugde ikkje.

Eg ville gråta tårene dine
og vaska føtene deira
med håret mitt.

Eg stod der utan språk.

Eg banar meg veg
gjennom folkemengda i Babel

Eg bed deg skriva orda
og bokstavane
og binda dei
om hjartet mitt
og panna mi.

La meg gå ut
på den store scenen
utan maske
barbeint på heilag grunn.

Og ver du
Den store regissøren.

Heidi

Saman



Som virrande små univers,
fulle av tankar,
lengsler og kjensler,
av livslyst, mot og motløyse,
fødest me
gjennom barndomen,
og virrar vidare.

Som song i våre gøymde konkyliar
ber me dei med oss
Menneske me har møtt
dei som har fått rom i våre hus .
Ber med oss minna
om telefonar me mest ikkje våga ta
og om hjerteklapp i framande trappeoppgangar
der me skulle ringa på ei dørklokke
Og me undra om me skulle treffa nokon
me hadde mot og tru nok
til å kalla vår for alltid .

Så vart det eg og du
som stod der saman då tida stansa opp,
for å opna seg mot noko større

Du og eg
Du lova å vera mann for meg
så lenge verda finst
og hjarta bankar.
Eg lova å vera kvinne for deg.
Så lenge Dovre står
og vindane skiftar
skal me halda saman.

Det underlege, umoglege
ulogiske og gode
i å skulle vera eitt.
Eitt om vibrerande hudlause sekund
og lange vakenetter
Eitt ved skittentøyskorga
og under fullmånen
Eitt attmed bord utan duk
to koppar kaffi
og gårsgammalt kneippbrød
og kvifor ligg alle avisene
og flyt?


Me skal leita
og finna einannan att.
Me skal snubla
og møta oss sjølv og den andre i døra.

Me har lova,
tenk me har lova,
og det er godt å vita,
at nokon har tenkt å halda eit løfte,
at eg har tenkt å halda eit løfte.
- Tenk at me torde

Eit løfte me kan le av
og fortvila over
eit løfte me kan lena oss mot
når me ikkje orkar prestera meir.
Eit løfte me i lyse netter kan undra oss over
at me verkeleg har gitt einannan,
tenk så heldige me var,
at det fall seg slik at det var eg og du det vart.


Rett og slett.
Verken meir eller mindre.
Og saman skal me leika leikane
og spela spela.
Saman skal me løfta børene
og oppleva når ein av oss ikkje orkar
at me klarar det likevel

Me skal sviva i kvar våre banar
møta menneske
dansa livet
la oss fascinera
og hugsa kor me høyrer heime


Me som saman har klipt barnenegler
og tørka oppkast om nettene,
sove andføttes og i vinklar
med senga full av ungar som søkte kroppsvarme.
Me som til saman har fått ein million våte kyss,
engsta oss saman og vore stolte saman.
Undra oss over
kor mange våte støvlar det er plass til på eit ganggolv
mellom alle jakkene og ranslane
og kor mykje tålmod
det skal til for å halda ein vanleg dag.


Og langt inn i æva
skal du få meg til å le,
og eg skal irritera meg over
kaffikoppane og epleskrottane du legg
frå deg
og tilgje deg etterpå.

Eg skal undrast
over ditt tålmod
og di evne til å leva med
alt det merkelege som er meg
Og stryka deg over håret når du er sliten.

Eg skal undra meg
over alle melodiane eg ikkje
trudde du kunne
og sørgja for
å overraska deg
når livet går i stå.

Saman skal me leva kvardagar
og galskap
Kven veit kva ein kan gjera
ut av ein vanleg torsdag i februar?
Og kven bryr seg om at det regnar?

I tvil og tru og yr livsglede,
skal me halda oss nær einannan.
Måtte Gud gje oss styrke
Så me med rak rygg
og varme i blikket
på den siste dagen
i takksemd og vemod
Kan gje einannan handa og takka for fylgjet



Heidi

Med varsemd skal me sjå oss tilbake



Med varsemd
skal me sjå oss tilbake
mot alt som eingong var.

Me vil ikkje risikera
å enda opp som kona til Lot.

Me gjer oss betre
som levande menneske
enn som saltstøtter.

Me skal vidare,
vera levande
kjenna at livet er nå,
ikkje i går,
for to veker sidan
eller på syttitalet.

Det er i dag du står her
kledde i vår eigen
velkjende kropp,

medan livet og sekunda
strøymar gjennom deg.

Det er nå
du dreg luft inn i lungene,
nå du lever.

Det er du som
skal finna ei skjoreveng
eller ein utgått skosole.

Du som skal le av deg sjølv
la regnet falla
lavinden blåsa.

Du skal sjå deg tilbake,
men ikkje for lenge.

Du skal helle
klappa katten
og smila
medan du tek føtene dine i
å dansa
nedover gater
du ikkje visste om.

Så skal du kan henda
småfrysa litt.

Det kunne tenkjast at
det du kjenner
er eit drag av haust,
men det skal du ikkje
grubla så mykje på.

Du får nok varmen i deg att.

Du skal ikkje vera ei saltstøtte,
Du er tankar og blod,
songar og pust.

Du skal vidare,
og du skal vera.

Heidi

Dette hemmelege romet




Me samlast
i dette hemmelege romet
det som er ope
for alle som vågar å be.

Ope for alle
som ikkje torer
å la det vera.

Så går me heilt inn.
til dei nakne orda,
dei famlande formuleringane,
til kvilepulsen
til den langsame pusten.

Her sit me
og vågar å røra ved livet
under maskene
og fasadane.
Auga får lov
Til å vera nakne.

Ord og tankar legg seg
som steinar
i ein stø steingard,
som blomar
i ei stor blå krukke med sprekk i
som ringar av eld og røyk.

Det er godt å vera her.
Det er vondt å vera her.
Det er trygt å vera her.

Herre møt oss
i vår ro og i var uro.
Ver hos i det som verkar
ver i det som boblar i oss av glede.

Lat namnet ditt helgast
lat riket ditt koma.

Nokre gonger
høyrer me knitring i forhenget
eller kjenner stilla
frå ein som gjekk forbi.

Heidi

Små bitar av Getsemane






Eg sit her
med små bitar
av Getsemane.

Plutseleg,
stundom heilt utan
førevarsel,
får eg dei i hendene
og ofte
skjer eg meg på fingrane.

Små skår
av den knuste oljekrukka,
små holrom
fylde med sorg
eller uforklarlege
tome rom.

Eg har lært
å ta i mot bitane.
Dei høyrer livet til.

Som blydroper
i eit glas
fylt med vatn.
Kjem desse sekunda
eg helst ikkje vil
røra ved.

Dei er sende til meg
med adressaten
menneske,
eg ser opp
og tek i mot,
fordi eg skjønar
at det er menneske eg er.

Eg lukker auga
og tek i mot.
Eg veit jo
at du er der
i mørkret
saman med meg.

At du har vore der
lenge.
At huda di
er like tynn som mi,
at du snart skal blø
frå begge hendene,

At eg ein vakker dag
kan bli kalla
til å gå lenger inn,
gå nærare der du er,
gå forbi alle dei sovande
med opne handflater
og dunkande puls.

Jesus Kristus,
du som er i sorga,
du som sjølv
har blitt til sorg,
eg skal makta dette.

Eg skal vera saman med deg
eg skal ta i mot
skjelvande sekund,

Eg skal gå lenger inn
den dagen eg høyrer
deg be meg om det.

Brått kjenner eg
orda att
og bøyer hovudet
i skam.

Eg teier i Getsemane,
når orda forsvinn.
Det gjer vondt
å vera utan tunge.

Eg ser ramnar fly høgt
med bein i nebbet,
det er ikkje meg
dei skal til denne gongen.

Det er bitar
av Getsemane
eg får.
Eg er forskåna frå
å overvintra der.

Eg takkar
om denne kalken
ikkje er min.

Heidi

Namnet ditt er medvandrar




Namnet ditt
er medvandrar

du som er fødd til å vera
du som er skapt til å gå

saman med dei andre

kjem du med duken
så finn eg termosen.

alle dei stripete skjortene
kan me likegodt eiga saman.

ein dag passar dei kanskje
meg
eller plutseleg
passar dei kanskje deg.

ein dag skal eg få rynker
og ein gong blir det du,

i dag eller i morgon
eller ein tysdag i november

me skal alle bera
og bli borne

medan det går over
og går under

medan me går gjennom

hjelpe oss
i vår velmakt,
vår avmakt og vår vanmakt.

det finst alltid nokon
ein eller annan
som har ei varm jakke å låna ut

saman står me i det.

Heidi

Det burde vera lett å ta i mot





Det burde vera lett å ta i mot

lett som fjørene på ryggen til kvite høner

men det krev si dame

snart skal eg gå opp
på den høgaste haugen
i dette flatelandskapet mitt

der skal eg stå
med armane mot himmelen.

Hei, livet!
skal eg ropa
hei, livet
kom og fyll meg!

og eg skal takka
for eg har fått


Heidi

Eg plukkar smil på gata





Eg plukkar smil på gata,
tek dei frå ansikta til folk
gøymer dei i lommene.

Eg samlar varme blikk.
ikkje alle er til meg,
men det betyr lite.

På bussane
høyrer eg
lyden av det gode

eg ser ofte
vennlege fotspor
i varm sand.

Ein veit aldri sikkert
om folk har englevenger
under ytterjakkene sine.

Eg ryddar unna rotet
for å gje plass for det gode.
i ein haug midt på bordet.

Så kan eg seia
hei her er eg,
ein samlar av det gode.

Forresten så er eg
ei gåve sjølv og

ei gåve med pust
og rørsle.

Eg finn fram glas
og store krukker
for nå skal eg samla liv

la dropane fylla glasa
til dei mest renn over

eg kunne ha drukke
men heller gir eg det bort

til ei gammal tante kanskje
eller
til ein tilfeldig forbipasserande
kan hende.

Heidi

Alt det galne



Når alt det galne
plutseleg
ligg der
og stenger oss inne.

når utsikta
blir fjelltoppar
med problem på
og alt
me ikkje orkar
lyser kaldt i mot oss

skal me snu oss rundt
gå ein annan veg,
leggja oss ned i graset
kikka opp på himmelen

la fjella liggja der dei ligg

heilt til me ein dag
klare til kamp,
finn fram hakker og spader
puttar fisherman i lomma
og brettar opp erma

fjell spring aldri i frå deg.

ikkje alle dagar
er laga for fjellklatring

men det kjem alltid
ein dag med skarp luft
og ein oppmuntrande vind i nakken

då snører me på oss kletreeskorne
snøra på oss klatreskorne
rappelerer som var me skapte for det
med boltar i fjellveggen
og isøksene dinglande kjekt frå beltet


med fryd i leggmusklane
og triumf i brystet.
skal me stå der
på toppen
til slutt .

Kom igjen den rette dagen, du
så finn du oss med frie blikk oppe ved varden

Heidi

Kanskje det kunne vera eit kall



Det er fint
å sjå menneske
koma og gå.

Kanskje det
kunne vera eit kall.
nybakt grovbrød
og varm kaffi

til dei som tar i mot?

Kristi lekam og Kristi blod
i omskriven variant.

Dette eine viktige
å vera utstrekte armar

Plommesyltetøyet frå i fjor
skulle kunna duga.

Gud i di store nåde
gi meg kloke auge
som kan skilja det viktige
frå alt dette andre.

Om eg stengjer
hjartet mitt,
kva skulle då halda det ope?

I mine hender ber eg tida inn
ber eg tida vekk.

Måtte dagane
koma og koma
Måtte bu i dei
med heile meg.

Med alt det uperfekte.

La meg halda ope
det som ope vera skal,
brødboksen og kaffiboksen.

Blås på meg, Heilge Ande



Blås på meg Heilage Ande

blås meg nedover gata
så eg kjem på rett plass

ver den kvite dua
eg kan fylgja etter
på tå
utan å forstyrra eller skremma

vis veg,
gløym ikkje
å bruka meg

varm hjartet mitt
nok
til å tola ruskever

gjer hovudet mitt
kaldt nok
til å klare tankar

om det eg ikkje veit
at eg veit

ver krafta
eg ikkje står i mot
og vakt mine innfall

ver kjærleiken
eg ikkje har ord for
og den som styrer lengten

flammane
over håret mitt
og elden lengst inne i magen

fyll meg med din fred
og med din uro


Heidi

Vakna og finna verda att



Vakna
og finna verda att

Stilla kompasset
ikkje styra vekk
frå livet

Våga
stanga hovudet
mot den tynne hinna
som skil dag frå natt
og alt frå ingenting

Våga å møta dagen.
la morgonlydar
ta deg med
til det vaknande landet

Drikka
eit par koppar kaffi
kjenna blodet
gå rundt i årene
denne dagen og.

Det skal nok
bli bra
etterkvart ,
vil eg tru,
seier du
oppmuntrande

og klappar katten.

Du takkar Gud
for det som
koma skal.

samlar
pulsslaga
til ein straum
av tillit
gjennom alt
som koma skal.

Koss er veret mon tru?

Heidi

Tilliten




Uavlateleg
søkja tilliten
meir enn noko anna

som stille
let seg bera
gjennom
dønningar
og brottsjø.

Tillit
med smak av
ramsalt vatn
med bankande pulsslag
frå bølgjer

med fryd
frå sitrande
solrenningar

du tillit
som får rips
til å raudna blygt,
og plommer
til å sprengja
mogne mot skalet

kom
ber meg.


Heidi

Med små fotnoter i sanden




Barføtt langs stranda
havet skiftesvis smilande ,
skiftesvis kokande
skyler glasmanetar
opp i sanden.

Yngste dotter mi,
den vengelause engelen
i piratbukse
med lyseblå singlet
med honnighåret
som ein bustete glorie
kring det sommarbrune ansiktet
legg dei varsamt
i sandalane sine
befrir dei
ein for ein ut att
til bølgjene, saltet og sæla.

Med små fotnoter i sanden
legg me på heimveg
mot blomane på kjøkkenbordet.

Heidi

Særleg i valmuevekene



Særleg i valmuevekene,
dei sanseleg raudoransje
med svarte munnar
skal me finna einannan att.

Vest for engene
like ved fjøresteinane
kviskrar bølgjene
om det hemmelege-
til strandnellikane
som engsteleg klamrar seg fast
i trulaust drivande sand.

Særleg då skal eg hugsa
at det er deg
eg skal dela jordbær med.

Me skal fylla sansane
med saft
og mogen sommar.


Heidi

Den dagen





Den dagen
sommaren
når mogningspunktet
og opnar seg
mot mørkare netter
med mjukare mangfald
då skal rabarbraen blygna
og strekkja seg nølande
mot plommer og stikkelsbær-

Den dagen
skal alle dei såra englane
sjå seg i spegelen
så skal dei tålmodig tolande
møta sitt eige blikk.

Heidi

Gå elskande ut





Ubekymra fløytetonar
bølgjer over blått hav.
Visst finst dagen til,
og eg skal ikkje frykta.

Dagen er av vivendel
av solsikker og blåklokker,
luktande av rosmarin,
honning og ville bringebær.

Han er varm
som glatte svaberg
mot huda.

Dei dansande
fjørlette
kvite skyene
der himmelen er høgast
samlar seg
utan spor av tyngde
til ein ubekymra menuett
mot livet og menneska
mot raudkløver,
prestekragar
og lysande gule tiriltunger.

Takken skal løftast
som svar til deg.
for me har fått

Kjærleiken
Løvetannfrø
av mine hender
eld i mine spor
sval lavendel
mot det som brenn

Overflod
har me fått
La kjærleiken fly
som lette frø med venger
som varm eld i mine spor
og som sval lavendel
mot det som brenn.

Og me skal likevel våga
å gå elskande ut

Ut i livet
inn i dei lange rekkjene
av ukjende kvardagar.

Heidi

To ting kan redda verda (Til Astrid)



To ting kan redda verda,
To ting kan gjera ho varmare,
mjukare og meir avslappa:

Dagane først i august
og damer på femti.

Begge kan by på ro
og klokskap,
noko verda treng
meir enn det meste.

Om bølgjene framleis
skal slå mot strendene
og strandnellikane
bøya seg mjukt i nordavinden,

Om sola skal gå opp og ned,
om kvardagane skal gå rundt,
treng me mogning, styrke, og tålmod.

Med desse to er det langt i frå
for seint,
bare roleg på tide

Framleis kan alt skje
om desse to
får gjera verda frodigare
og mildare.

Kan henda til og med
gjera ho
støare, staare,
sterkare og meir sjølvsikker,

Med sine erfaringar
om at det meste går
bare ein har tru
og evna til å halda ut.

I august openbarar livet seg
meir fylt av frukt og tyngde
enn nokosinne.

Nå får det bare koma
alt som koma skal,
nå har me vent oss til livet,
og drukke oss mette på yr sommar.

Me toler ein hausstorm,
me veit at våren ventar
spirande langs grøftekantane

i overkomelege porsjonar
når ein minst ventar det
om ein har opne auge.

For to ting står støe
som steingardar på Jæren
om livet flokar seg til
og vinden tek i i hardaste laget:
Dagane først i august,
og damer på femti.

Truleg spelar englane saksofonar,
eller i det minste tverrfløyter
Om dei då ikkje rett og slett
held seg til harpene sine,
når damer som du blir feira
ein mjuk og levande kveld i august.

Heidi